Eg elskar ein god kopp te, og med ei saftig tekake til er det den perfekte trøysta når dagane er mørke og våte.
Dette med te og kaffe har vore ei stor greie for meg opp igjennom åra. Kaffe har eg aldri klart å lære meg, eg klarer det ikkje ein gong i kaker. Får eg ein kaffetrukken tiramisu får eg migrene med ein gong, kaffesmaken overveldar meg fullstendig. Eg må alltid sjekke konfektesker nøye, for plutseleg har nokon kome på den geniale idéen å lage ein cappucino-bit, og håra reiser seg på hovudet mitt.
Så dei beste selskapa eg inviterer til er teselskap. Då er det liksom ikkje tvil om kva som vert servert, og eg har enno ikkje funne nokon som ikkje orkar å drikke ein kopp te. Til eit teselskap passar det med salt og søt mat, og denne tekaka er perfekt i tillegg til nokre lette smørbrød og lekre sjokoladebitar. Oppskrifta er ein bearbeidd (og forbetra, vil eg seie) versjon av ei eg fann i boka “Afternoon tea” som er utgjeve av den fantastiske tebutikken Perchs i København. Er du der, så stikk innom, den er ei reise verd. No har dei også opna butikk i Oslo, i kjellaren på Steen & Strøm.
Tekaka er deilig akkurat slik ho er, i skiver servert til ein kopp earl grey eller Assam, men den blir ekstra godt med eit raust lag smør på. Den søte og krydra kaka får ein djupare, meir aromatisk smak av smøret. Mange meiner at det er berre å kutte ut feitt, det gjer ingen skilnad. Men det stemmer ikkje, feitt er ein utruleg viktig smaksberar, det framhevar dei smakane du allereie har i maten, akkurat som syre, salt og sukker kan vere det.
Kanel og tørka frukter gjev god smak til tekaka mi, men denne kaka har faktisk også ekte tesmak. Væska den er laga med er te! Her kan du bruke den typen te du likar, men fruktte trur eg ikkje blir så bra. Bruk ein klassisk svart te, det du måtte ha i huset. Eg bløyter frukta i teen først, det gjer at den vert mjuk og fin, og gjev lite tyggemotstand. Varier frukta utfrå kva du har i huset, har du korintar kan du til dømes prøve å ha det i. Utan smør er denne kaka laktosefri.
Tekake med frukt
1 ts av din favoritte, svart type
3 dl vatn
1 ss sitronsaft
125 g tørka aprikosar
125 g lyse rosiner
50 g tranebær
280 g kveitemjøl
150 g sukker
1 ss bakepulver
½ ts natron
1 ts kanel
½ ts kardemomme
1 ts salt
Eit egg
Kok opp vatnet, og la teen trekke i vatnet i 6-8 minutt til den er så sterk du vil ha den. Sil frå teblada, og ha teen og sitronsafta i ein bolle. Kutt aprikosane i små terningar. Ha aprikosterningane, rosinene og tranebæra i bollen, og la det trekke nokre timar. Dette kan du gjerne gjere dagen før.
Bland saman mjøl, sukker, bakepulver, natron, krydder og salt i ein bolle. Vend inn dei oppbløytte fruktene og teen, før du rører i egget. Rør røra jamn.
Smør ei brødform, og legg ein strimmel bakepapir i botnen. Hell i røra, og steik kaka på 170 grader i 55-60 minutt. Sjekk om den er gjennomsteikt ved å stikke inn ein spagettipinne etter 55 minutt.
Server kaka fersk med godt smør og din favoritte.