All posts tagged: Kaker

Deilig rabarbrakake

Äntligen, ropar svenskane, endeleg, ropar eg. No sprutar rabarbraen opp, og det er berre å spise med begge hendene. Lag syltetøy, pai, kompott, chutney og saft, du kjem til å angre til hausten når du har lyst på, men ikkje har. Orkar du ikkje, så plukk den likevel, kutt den i bitar og legg den i frysaren. Då kan du lage det du har lyst på seinare. Eg har ikkje så mykje, så eg tenkte eg skulle elge meg innpå naboen. Dei har ei svær tue som det ser ut som dei ikkje et så mykje av. Eg tenkte å gjenta suksessen eg har hatt før, be om å få plukke, i bytte mot eit par glas av noko av det eg lagar. Ingen kan vel seie nei til det? Det aller beste syns eg likevel er ei klassisk rabarbrakake. Denne er ein formkakevariant, som eg har bakt i randform, som eg så ofte gjer. Eg syns dei er lette å skjere av, og å presentere på fat. Du kan godt lage den i vanleg …

Ei saftig tekake

Eg elskar ein god kopp te, og med ei saftig tekake til er det den perfekte trøysta når dagane er mørke og våte. Dette med te og kaffe har vore ei stor greie for meg opp igjennom åra. Kaffe har eg aldri klart å lære meg, eg klarer det ikkje ein gong i kaker. Får eg ein kaffetrukken tiramisu får eg migrene med ein gong, kaffesmaken overveldar meg fullstendig. Eg må alltid sjekke konfektesker nøye, for plutseleg har nokon kome på den geniale idéen å lage ein cappucino-bit, og håra reiser seg på hovudet mitt. Så dei beste selskapa eg inviterer til er teselskap. Då er det liksom ikkje tvil om kva som vert servert, og eg har enno ikkje funne nokon som ikkje orkar å drikke ein kopp te. Til eit teselskap passar det med salt og søt mat, og denne tekaka er perfekt i tillegg til nokre lette smørbrød og lekre sjokoladebitar. Oppskrifta er ein bearbeidd (og forbetra, vil eg seie) versjon av ei eg fann i boka “Afternoon tea” som er utgjeve …

Gulrotmuffins

Gulrotkake er alltid godt, og når røra vert fylt i muffinsformer i staden blir det gulrotmuffins. Då må du sette opp temperaturen 20 grader i steikeovnen, og la steiketida vere litt kortare. Også her kan du bruke spagettitesten for å finne ut om dei er ferdige. Eg brukar dei stødige amerikanske muffinsformene som eg mellom anna kjøper på ICA. Dei er solide, og når muffinsa skal selgast på loppemarknad eller korpskafé gir kvar muffins såpass mykje “mat” at ein kan ta ordentleg betalt for dei. Bildet viser gulrotkake i langpanne. Slik gjer eg det: Gulrotkake 400 g fint revne gulrøtter 3 egg 3 dl sukker 2 ½ dl matolje utan smak, raps, mais eller soya. 4 dl mjøl 2 ts bakepulver 1/2 ts salt 1 ss vaniljesukker 1 ss kanel 1 ts kardemomme Sett omnen på 180 grader, 200 grader viss du skal lage muffins. Riv gulrøttene fint. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland alt det turre. vend gulrøttene inn i eggedosisen, og rør forsiktig inn mjølblandinga vekselsvis med oljen. Sett muffinsformer ut over …