Billig mat, Fest, Supper, Veggis
Leave a Comment

I serien sommarfriske supper: Agurksuppe

Agurksuppe er lett og frisk, og overraskande smaksrik til å vere laga av noko så enkelt som agurk. Den kan varierast i det uendelege, i dag har eg laga den med ruccola og løk.

Server suppa i små glas, heilt kald. På varme dagar kan du til og med legge ein isbit i. Den passar veldig godt på ein buffé med ulike andre typar mat ein kan servere små porsjonar av. Bruk gamle likørglas eller små raudvinsglas, dei passar godt til ein slurk agurksuppe. Slik gjer eg det:

Agurksuppe

2 agurkar

½ finhakka løk

Ein neve ruccolablad

3 ss kesam

2 ss olivenolje

Salt og peppar

Kutt agurken i bitar, og legg dei i matmølla. Skyll ruccolaen, og legg til side nokre fine blad til pynt. Ha ruccolaen i matmølla saman med kesam, løk og olivenolje, og køyr det heile glatt. La suppa stå kjøleg fram til servering. Hell den opp i pene glas, og pynt med ruccola eller andre urter.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply