Focaccia er alltid takknemmeleg å servere til supper, smårettar, lasagne eller som noko å mumse på når ein er på tur. Du kan også dele focaccia-brødet og legge pålegg inni. Eg bakar det i ein stor leiv, men det går også fint å bake det i emne som er litt større enn rundstykke, kjevle dei flate og ha på olje og salt. Då får du porsjonsfocaccia.
Det er oljen og saltet som gjer dette brødet til focaccia. Dei fleste italienarar vil også ha knust eller frisk rosmarin på. i dag har eg laga ein variant med løkringar på. Det er godt til enkel mat, den lett bruna løken vert eit spennande smakselement til supper og slikt. Slik gjorde eg det:
3 dl lunka vatn
½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær
1 ts salt
1 ts sukker eller honning
ca 7 dl kveitemjøl
1 gul løk i skiver
3 ss olivenolje
Flaksalt til å drysse på toppen
Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i salt og sukker eller honning. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand.
Tilset mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.
La deigen heve i ein halvtime. Set omnen på 225 grader. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle. Strø godt med mjøl på benken og kjevl leiven slik at den er like stor som bakeplata i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.
Legg leiven over på ei mjølstrødd bakeplate. Du treng ikkje bakepapir eller smør på plata når du har strødd den med mjøl. Eg syns også at mjølstrødd bakeplate gjev den gode, steinovnaktige smaken.
Dytt godt vaska fingertuppar ned i deigen slik at det vert masse groper i den. Skjer løken i skiver, og fordel ringane utover leiven. Ringle over olivenolje, og dryss på raust med flaksalt til slutt. Bak brødet på 225 grader i ca. 15-20 minutt. Dette brødet og gazpachoen er er mjølkefrie.