Billig mat, Supper, Veggis
Leave a Comment

Gazpacho – ei frisk sommarsuppe

Gazpacho er ei klassisk spansk kald tomatsuppe som det finst mange variantar av. I daga har eg laga henne intenst raud, utan agurk og grøn paprika som ein ofte får i gazpacho.

Denne oppskrifta gir ca. åtte porsjoner på ca. 1,5 dl kvar. Med mindre glas vert det fleire porsjonar, viss suppene inngår i ein buffé. Du reagerer kanskje på at det ikkje skal tilsettast væske til suppa. Desse grønsakene er så vassrike at det ikkje er naudsynt. Velg dei søtaste og flottaste tomatane du finne til gazpachoen. Dei kan seie kva dei vil, tomatbøndene på Jæren. Dei får ikkje tomatane sine så søte og gode som dei italienske og franske.

Gazpacho

6 tomatar

To raude paprikaer

Ein stor løk

Tre stangselleristilkar

Eit fedd kvitløk

0,5 dl kvitvinseddik

0,5 dl olivenolje

Sukker, salt og raust med kverna peppar

Del tomatane i fire, og fjern stilkfestet. Det er ikkje nødvendig å flå dei. Legg dei i ei matmølle. Ta bort stilken på parikaene, fjern frø og hinner, og del dei i grove bitar.  Ha dei i matmølla saman med stangsellerien som du har kutta i små bitar.

Skrell løken og kvitløken, og ha det i matmølla. Køyr det glatt, og ha i olje, eddik og alle kryddera medan matmølla går på full fart. Oljen ”emulgerer”, slik at du ikkje får fettperler på suppa.  Oljen er ein svært viktig smaksberar i denne elles magre  suppa, men den treng ikkje vere synleg. Smak til om det trengst meir salt, sukker og peppar. Du kan og bruke fersk chili i denne suppa viss du vil ha den litt sterkare.

Suppa har berre godt av å stå i kjøleskapet til neste dag, så dette er typisk ein rett du lagar i god tid.

This entry was posted in: Billig mat, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply