Vandrekake
Enkelte kakeoppskrifter vandrar frå syklubb til syklubb, frå idrettslag til idrettslag, frå korps til korps. Slike oppskrifter er eg ekstra glad i, dei er uttesta over lang tid, bakt mange gongar, og resultatet vert heilt sikkert godt. Heidi ga meg ei slik oppskrift her for ei stund sidan, diktert på telefonen ein laurdags føremiddag. «Denne må du ha i avisa før påske», sa ho. Og det får vi vel til. Førebels er den bakt til fjortenåringen sin bursdagsfest, der både store og små likte den veldig godt. I Heidi si oppskrift skal smør, kakao og vatn kokast opp først. Sidan eg hadde lite tid droppa eg det, og blanda det rett i røra. Eg skal bake den ein gong til før påske, og då skal eg koke og sjå om det blir skilnad på den. Denne oppskrifta er diger, og fyller ei stor langpanne. Appelsinvrien på glasuren er min, det vart kjempegodt med appelsinsaft og skal i glasuren. Slik gjorde eg det denne gongen: Sjokoladekake på vandring 400 g flytande smør, eg brukte bremykt på flaske …