Meir søte kaker – kokosmakronar og peanøttkaker
Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 50 g peanøttsmør 75 gram meierismør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Rør inn havregryn, og ta gryta av plata. Bland kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og kakao, og vend det inn i smørblandinga. La det heile kolne før du vender inn eggedosisen. Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett. Steik kakene midt i omnen i ca 8 minutt på 200 grader. La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen …