All posts tagged: peanøtter

Flygande Jakob

Då eg fortalde mi svenske venninne at eg skulle skrive om ”Flygande Jacob” i bloggen var ho sjokkert: Det er jo skrotmat! Eg måtte le, men ho meinte det heilt alvorleg. Flygande Jacob var mat som svenske mødre, og sikkert også fedre, lagde når dei måtte ha noko fort, enkelt og ikkje nødvendigvis så sunt. Slikt har aldri hindra meg, så eg gjekk vidare med idéen min. Eg har snakka tidlegare om korleis eg finn inspirasjon, og denne gongen kom inspirasjonen på quiz. Vi fekk nemleg spørsmål om å oppgi tre ingrediensar frå den svenske retten Flygande Jacob. Vi gjetta på kylling, fordi retten var flygande, så supplerte vi med bacon og fløte, for det er i det meste som er godt. Vi fekk altså poeng, utan eigentleg å ha svart korrekt. Hovudingrediensane i Flygande Jacob er nemleg kylling, bacon, banan og peanøtter! Som ein slags kjøttsnickers, altså. Korleis svenskane kom på dette er uklart, men retten er visstnok komponert av ein svenske som heitte Jacobsson, og som jobba i flybransjen, derav namnet. Eg får kjensla …

Meir søte kaker – kokosmakronar og peanøttkaker

Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 50 g peanøttsmør 75 gram meierismør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Rør inn havregryn, og ta gryta av plata. Bland kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og kakao, og vend det inn i smørblandinga. La det heile kolne før du vender inn eggedosisen. Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. Ei teskei røre er nok, dei vert større enn du trur. Du får berre 9 toppar på eit steikebrett.  Steik kakene midt i omnen i ca 8 minutt på 200 grader. La kakene kolne på bakepapiret, dei er blaute idet dei kjem ut av omnen …