Month: desember 2009

Syltaflesk

I dag lagar Heidi syltaflesk. I mi verd er det for spesielt interesserte, men eg har forstått at mange er glade i det. Hiv deg rundt viss du likar syltaflesk, men ring til ein slaktar først, slik at du får hovudet i hus. Du kan og bruke ei ribbeside, då blir det litt meir overkomeleg. Alt godt Å lage syltaflesk er ein måte å utnytte heile grisen på. Eg veit ikkje om du har fora opp ein julegris, men vi gjorde det for nokre år sidan. Han blei feit og god, men med eit så tjukt spekklag at det passa liksom ikkje inn i vårt kosthald. Så det blei med den eine grisen. Vi kjøper derimot kvart år grisehovud som vi lagar syltaflesk av. Hovuda er svært billige og all hjernemassen er teken ut. Bløytlegg det i to døgn så er det gryteklart. Vi kokar som ein griseknok saman med hovudet og legg i sylta. Men du kan og lage syltaflesk av buklist eller som eg gjorde i år av ei svineribbe på 1 ½ …

Kva er det dei vil?

Eg forstår meg ikkje på desse demonstrantane i København. Er dei i mot at delegatar frå ulike land møtest og diskuterer klimapolitikk? Burde dei slutte med det? Eller snakkar dei kanskje ikkje fort nok? Trur dei at viss dei bråkar masse på utsida av Bellasenteret så går det fortare og blir ein betre avtale på innsida? Eg lurer altså på om dei er for eller i mot. Det finn eg ikkje svar på nokon stad. Men eg har ei hypotese; dei er eigentleg sinte og frustrerte over heilt andre ting, og så syns dei at det er gøy å lage bråk. Når eg les slikt føler eg meg som ei gamal kjerring, men beklagar, eg klarer ikkje å mobilisere noko særleg forståing for desse dustane. Og så er eg skikkeleg irritert på dei som står bak og organiserer slike bråkerundar. Kan dei ikkje melde seg som frivillige i ein ungdomsklubb eller på eit eldresenter viss dei har for lite å fylle tida si med? Dei har jo tydelegvis både engasjement og organiseringsevner.

Vi var der!

Vi vinka til Obama! Lure som vi var gjekk vi ned til Stortinget tidleg, slik at vi kom dit før fakkeltoget. Politiet karakteriserte oss som “skuelystne”, det vil eg på det mest bestemte ta avstand frå. Dette handla ikkje om tog eller ikkje tog. Det må eg berre seie: Det vart gjort mykje godt politiarbeid i går. Berre noko så smart som at dei sendte “gamlisane” frå Nei til Atomvåpen først, det gjorde at dei fylte opp heile stortingsgata, og dermed vart dei ein buffer mellom folkemengdene som allereie var der, Obama og dei som kunne kome til å lage bråk. Det heile gjekk veldig fredeleg for seg, heldigvis. Elleveåringen og eg hadde ein avtale, først Obama, så Brio leker på Glasmagasinet, der vi kartla nyvinningane innan Starwars-lego. Masse fint, men det lignar på det vi har frå før, meiner mor. Men så mykje kan eg seie, begge vart fornøgde.

Tordenbloggen 2009

Tordenbloggen er i gang igjen! Opplegget i år er litt annleis enn før, dei 100 mest plukka bloggarane på Sonitus får foreslå kandidatar til Tordenbloggen. Eg er så heldig at eg er blant dei 100, og har difor fått lov til å foreslå dei som eg meiner bør vinne årets tordenblogg. Mine kandidatar er: Flinke pike – Embla bloggar om det å gå inn i ein ettertrykkeleg depresjon, og å arbeide seg ut av den. Vi kjem nær innpå korleis det følest, utan at det opplevest som klamt eller invaderande. Eg lærer utruleg mykje av å lese det Embla skriv, og det veit eg mange andre gjer og. Hagen på hytta – Ein av glad-bloggane mine. Britt Åse er blant desse som brukar kreftene på å framheve livets lyse sider, utan at det vert overfladisk eller jålete. Eg likar bloggen hennar fordi vi er opptekne av ein del av dei same tinga, og for at ho med sikker språkføring og lyst sinn ser på desse tinga frå ein annan vinkel enn eg gjer. Velduftende – …

Det er ikkje jul enno….

Eg ser jul overalt, og eg er litt skeptisk. Skal vi fylle opp førjulstida med julemat? Er det ikkje nok med alle juleborda? Vi hadde gjestar på laurdag, og nærast i protest serverte eg mat utan eit einaste hint av jul. Eg serverte kylling med røstipoteter, salat og ein romanesco-saus, ein klassisk spansk saus basert på paprika og tomat. Til salaten lagde eg ein deilig dressing med tahine, denne sesampastaen som dei brukar mykje i den austlege delen av middelhavet. Både romanesco-sausen og dressingen vart emulgert. Emulgering er det som skjer når du får olje og vatn til å blande seg til ein krem, som til dømes i majones. Det hender at eg lagar emulsjonssausar og dressingar der eg ikkje er heilt sikker på kva som er emulgatoren, altså det stoffet som får oljen og vatnet til å ”gå i hop”. Egg er den klassiske emulgatoren, men ein kan også få ein emulsjon med honning, sennep og med kvitløk. I den klassiske spanske aiolien er det ikkje egg, der er det stoff i kvitløken som …

Åfyttikatta!

Eg har ikkje skrive noko om konserten eg var på på søndag, viss du vil ha detaljane så kan du lese glamourbibliotekaren sin omtale av den på hennar musikkblogg Bach og Bee Gees. No har plata, Hjernen er alene, komt i remastra og stelt utgåve. For meg er det naturleg å samanlikne den med den andre store norske plata det året (1989), Splitter pine. I mitt liv har nok Splitter pine betydd meir, men De Lillos var også vår musikk. Der Splitter pine er rett på og full av testosteron og mannesveitte, er Hjernen er alene eit konseptalbum som heng saman frå A til Å. Den er introvert og ettertenksom, men live så eksploderer sangane på ein måte som gjer at taket løftar seg. Det sat ei dame bak meg i operaen på søndag som kviskra til mannen sin: “jeg synes det er litt høyt”. Då er det ikkje for høgt, tenkte eg, når eg kan høyre deg kviskre det der. No ventar eg på at de Lillos skal gjere det same med Suser avgårde som …

Ein fin juleby

Eg tilbrakte gårsdagen i Kristiansand, og det var ein fin tur. Ikkje berre fekk eg hjelpt dei eg skulle hjelpe sånn reint fagleg, eg fekk også tid til ein liten tur i den koselege julebyen. Marken i juleskrud er kjempekoseleg. Eg har nokre favorittbutikkar, som Upstairs, som sjølvsagt ligg i kjellaren, og har eit fantastisk utval i ting som piker liker til hus og heim. Hansen & Co er også ein fin butikk, med ein artig kombinasjon av pynt, tekstilar, gryter og anna kjøkkenustyr og skikkeleg reingjeringsting og andre huskjemikalier som er vanskeleg å finne andre stader.

Fleire søte favorittar – franske pepparkaker og plettar

I dag får du to nye kakeslag, begge er blant topp sju her hos meg. Både dei franske og plettane er fast med i boksane som eg kvart år returnerer til venninna mi fylt med gode saker. Her i huset lagar vi dobbel porsjon, det er koseleg å ta med nokre kaker når ein besøker nokon i førjulstria. I fjor fekk frisøren min pepparkaker rett før jul, det var suksess. Slik gjer du det: Franske pepparkaker 250 g smør 125 g lys sirup 1 dl kremfløyte 250 gram melis 100 g hakka mandlar 400 g kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts kardemomme 1 ts kanel 2 ts nellik Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken. Bland alt det turre, ha i mandlane, og rør alt saman i ein bolle med sleiv. Ta fram ei brødform, ca. 2 liter, og ein rull plastfolie. Dra ut to lengder folie, og fordel røra på dei to lengdene. …

Julekaker – karamellkaker/kolakaker og ingefærsnittar

I juletida vert det tydelegare enn elles at mat er eit viktig kommunikasjonsmiddel menneske imellom. Alle lurer på kor langt du har kome i bakinga, og framande menneske snakkar med kvarandre når dei set seg til bords og et saman. Ordet jul tyder festar, og julegildet er høgdepunktet i mørketida. Folk kjem saman for smake på julebaksten, prate og ha det hyggeleg. Den gamle skikken å alltid by fram noko i juletida for at gjesten ikkje skal ”bere jula ut” er ein tradisjon å ta vare på. Småkaker i fine boksar kan og vere ei kjekk julegåve, særleg til eldre som ikkje bakar sjølve lenger, men som syns det er triveleg å ha noko godt å by på når det kjem besøk. Dei eldste julekakene våre vart steikt i jarn eller i smultgryte over open eld. Julekaker steikt i bakaromn er ein ny tradisjon. Folk flest hadde ikkje omnar å bake i, og julekakene vi bakar i dag er ikkje eldre enn då støypejarnskomfyren vart teken i bruk på slutten av 1800-talet. Å få kakene …

Tradisjonell julemat

I dag får du nokre tradisjonelle matoppskrifter frå ne Heidi. Havrekjeksa hennar er kjempegode, og lettlagde. Server ost til dessert eller til ein buffet i jula, og ha heimelaga havrekjeks som tilbehør. Krumkakeoppskrifta er sikker som banken, og krumkakene passar perfekt både til dessert og til kaffen. Alt godt Mattradisjonar er svært konservative. Smak, lukt og det sosiale fellesskapet rundt mat og måltid er ein del av identiteten vår. Flytter vi utanlands klarer vi stort sett å tilpasse oss landet sine matvarer til kvardags, men til høgtidene finn vi tilbake til lukter og smakar som vi opplevde i barndomen. Ein vestlending vil helst ha tørka dampa fåreribbe til jul. På den måten markerer vi ein synleg forskjell mellom oss og dei, samstundes som vi klarer å oppretthalde vår eigen identitet. Mat blir eit markeringsobjekt. Kanskje det er denne mekanismen som får oss til å søkje attende til gamle matskikkar og tradisjonar. Det opprinnelege vert viktig for oss i ei tid der raske løysingar ligg til hende, og vi kan få ferdigmat på 10 minutt. Kanskje …

Fest!

Har du tenkt på kva du skal gjere nyttårsaftan?  Kanskje du skulle invitere til nyttårsfest? Då er det på tide å byrje planlegginga no! Det første du må tenke over er om du skal ha fest, kor mange du  vil invitere, og kven. Det neste du må gjere, er å setje saman ein festkomité.  Få med deg to-tre av dine næraste og mest effektive vennar, og sett i gang med detaljplanlegging no allereie. Fordel oppgåver og ansvar, og avtal korleis utgiftene skal dekkast og kor mykje det heile skal koste. Forresten: Eg kjem til å kome med eit menyforslag, så det treng du ikkje bekymre deg for. Lag fine invitasjonar som du dekorerer på ein ikkje-julete måte, og be om svar innan 20. desember. Då kan du planlegge betre, og du veit kor mykje du skal handle av tørt og vått. Vil du invitere fleire enn du kan ha i di eiga stove, må du tenke over om du skal leige eller låne lokale. Hiv deg rundt, om du vil ha festen ein stad der du …

Om å kjøpe inn

Dei som kjenner meg privat veit at eg lever av å shoppe. Eg er altså innkjøpar for ein statleg etat. Det er eigentleg ein logisk konsekvens av at eg alltid har vore glad i å shoppe, og at eg har ein fagleg bakgrunn (juss) som gjer at eg kan det som skal til av regelverk og rettspraksis. Men eg kjøper ikkje berre inn på jobb, eg brukar dei same teknikkane (i moderert form, naturleg nok) når eg kjøper inn privat. Det er nokre grunnprinsipp som det kan vere nyttig å få med seg, for at ein skal kunne gjere gode innkjøp. Kjenn marknaden du kjøper inn i Prisar, vilkår og kvalitet varierer frå marknad til marknad. Kva er så ein marknad? Ein kan hevde at alle matvarebutikkar i ditt nabolag er ein marknad. Samstundes er det viktig å vite at ein ikkje treng å flytte seg så langt for å gjere ein betre handel.  Daglegvareforretningane baserer seg på at du ikkje gidd å sjekke prisar og kvalitetar andre stader. Å orientere seg blant tilbydarane utanfor …

Gåver til å spise opp

Eg syns det er triveleg å gje matgåver til vener og kjente til jul, det spreier glede og dessutan har jo alle alt, så korleis skal ein finne noko nytt og spennande som mottakaren treng? Mi beste venninne har eit sett med tre kakeboksar som ho leverer hos meg kvar advent, så fyller eg dei opp med gode kaker. I tillegg får ho gjerne ei skål heimelaga leverpostei, ei flaske gløggekstrakt og eit glas whiskyappelsinmarmelade. Desse godsakene skal du få oppskriftene til, lag dei og gled vener og kjente! Ein advarsel må eg gje: Appelsinmarmeladen varer sjeldan lenger enn til om morgonen andre juledag, så god er den. Halve moroa med spiselege julegåver er å putte dei i noko pent. Kakeboksane venninna mi sender fram og tilbake over plenen kjøpte eg til henne ein gong seint på åttitalet, og leverposteien pyntar eg med aspik og rosa peppar, og gir bort i ei pen skål. Marmeladen kan du ha i ei glaskrukke med patentlok, eller eit vanleg sylteglas med pen fasong. Eg brukar ofte dei kantete …

Award – og utdeling av nye!

Eg har fått ein award frå Britt Åse! Britt Åse og eg fann kvarandre i hageverda, men oppdaga etterkvart at vi hadde ein felles lidenskap i parfyme. Stikk innom bloggen hennar, der er det kjempekoseleg. Det er meininga at ein skal gje denne awarden vidare til 15 andre. Det syns eg er i overkant mange, men eg vil gje den til desse: Epicureatricen, som bloggar jamnt og trutt alle middagane sine. Veldig fin blogg! Gneis, ei spennande dame som lever livet fullt ut langt nord i landet. Ragne, som bur på vestlandet, studerer og er glad i Island. Arachne, som er årets mamma – og mykje meir enn det.

Gje blod!

Kjære GODT, ALT. Vi har gitt deg time 
torsdag 17-12-09 kl 10.15 på Ullevål. NB! 
Det er viktig at du melder fra i god tid hvis tiden ikke passer. 
Kan du møte til timen behøver du ikke svare på denne mailen. 
Vårt tlfnr. er  22118900 i tiden 0730 – 1500. Vennlig hilsen 
Blodbanken i Oslo. Denne meldinga tikka inn på mailen i dag, og eg fekk den til og med på mobilen. Myk start har utfordra meg i ein blodgjevarstafett, og eg utfordrar vidare. Sjukehusa manglar akutt blod no. Det er like mange kreftpasientar og operasjonar som resten av året, for ikkje å snakke om alle som trynar eller kjem i slosskamp på veg heim frå julebord, men vi som kan gje blod er så stressa at vi ikkje har tid til å stikke innom blodbanken. Viss du ikkje allereie er blodgjevar så er mi utfordring til deg at du sjekkar om du kan vere blodgjevar, og kan du det så kast deg uti det. Dagens illustrasjon er dei fine Hanna-krusa eg får eitt av …