Fest
Comments 2

Fest!


Har du tenkt på kva du skal gjere nyttårsaftan?  Kanskje du skulle invitere til nyttårsfest? Då er det på tide å byrje planlegginga no!

Det første du må tenke over er om du skal ha fest, kor mange du  vil invitere, og kven. Det neste du må gjere, er å setje saman ein festkomité.  Få med deg to-tre av dine næraste og mest effektive vennar, og sett i gang med detaljplanlegging no allereie. Fordel oppgåver og ansvar, og avtal korleis utgiftene skal dekkast og kor mykje det heile skal koste. Forresten: Eg kjem til å kome med eit menyforslag, så det treng du ikkje bekymre deg for.

Lag fine invitasjonar som du dekorerer på ein ikkje-julete måte, og be om svar innan 20. desember. Då kan du planlegge betre, og du veit kor mykje du skal handle av tørt og vått.

Vil du invitere fleire enn du kan ha i di eiga stove, må du tenke over om du skal leige eller låne lokale. Hiv deg rundt, om du vil ha festen ein stad der du må bestille. Tenk gjerne uvanleg når det gjeld festlokale. Vi hadde champagne og kanapéar i ein bussgarasje då søstra mi gifta seg, og det vart ein stor suksess! Men ein tung jobb med trykkluftspylaren i forkant…

Ei av dei viktige oppgåvene for festkomitéen er å bestemme det visuelle temaet for festen, altså korleis det skal sjå ut i festlokalet.  Sjekk til dømes ut butikkar som sel dekormateriell for butikkar, dei har ofte mykje kult og uvanleg å pynte med. Dekoren i festlokalet bør spegle den oppløfta og spente stemninga som nyttårsaftan fører med seg, så ha det i tankane når du vandrar rundt på julegåvejakt.

Eit klassisk forslag er sølv og blått, som eit brot med alt det nisseraude. Sjå rundt deg, og leit etter ting du kan pynte med. Eg har lagt på ein enkel blå duk, strødd på sølvstjerner og pynta med kvite lyslykter som ikkje kosta all verda. Hobbybutikkar har ofte billige og effektfulle ting å bruke for å setje preg på festen. Skal du innom Oslo, Bergen eller Trondheim før jul er eit besøk på IKEA obligatorisk.

Store fat med flytande lys og blomar, kvistar og greiner som du kan spraye med sølv- eller gullfarge og jukseblomar i høge vasar vil løfte festen din. Finn du eit fint, billig fat, så kjøp tre, og set dei på rekke. Fleire av same slag er alltid eit blikkfang, og skaper samanheng i dekoren.

Lag lyslykter av tome spagettisausglas som du pyntar med gulltråd og perler i fine mønster. Finn eit lågt glasfat, fyll i med glatte steinar og plant sviblar rett i steinane. Dei gror og trivest, og gjer seg flott på bordet!

Det kan også vere lurt allereie no å lage ei grovskisse over kva som skal skje utover kvelden.  Er det nokon som peiker seg ut til å underhalde, er det kjekt for dei å få vite om det i god tid. Tenk på om du vil at nokon skal styre musikken, og varsle dei i god tid.

Bestikk to pålitelege tenåringar i omgangskretsen til å ofre nyttårsaftan før midnatt og hjelpe til med førebuing, servering og rydding for ein pen sum pengar.  Tru meg, det er verdt det! (Lov dei fri frå kl. 23.00, etter det går ting av seg sjølv likevel…). Eg kjem tilbake med fleire festtips i neste veke!

This entry was posted in: Fest

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Veldig godt skrevet! Hadde det ikke vært for at jeg og min kjære skal feire jul i nord med familien min, hadde jeg arrangert noe selv. Mitt eneste ufravikelige krav er at vi IKKE drar ut på byen på nyttårsaften. Jeg minnes noen svært mislykkede byturer i min grønne ungdom, og jeg har lært at det svært sjeldent blir hyggeligere av å dra ut. Det er forøvrig en fenomen jeg aldri har skjønt. Jeg kunne aldri tenke meg å IKKE være med familien på slike dager. Men det er meg. 🙂

    God helg- og igjen kudos for flott blogg! 🙂

    Likar

  2. hildeG says

    Bra skisse av grunnleggende vurderinger for festplanlegging 🙂 Som gammel ballarrangør (riktignok på sommeren) kjenner jeg igjen mye av dette. Greit å ha det skrevet ned, særlig hvis man ikka har gjort det før.

    Nyttårsaften pleier mannfolket og jeg å sitte alene. Gjerne med hummer og champagne. Vi er som regel begge slitne etter en hektisk førjulstid og mye familiearrangementer i jula…
    Da ungene var små, la de seg da vi kom hjem fra bestemor – evt ble vekket og ble søvndrukne med ut for å se på rakettene. Da de var (er…)tenåringer, strøk de på dør etter det obligatoriske bestemorbesøket fordi de hadde egne planer.
    I fjor var fjortisen og jeg alene på nyttårsaften. Vi spilte Lara Croft…
    Satser på at mannfolket holder seg på beina og hjemme i år. Fjortisen (som nå er blitt femten…) har begynt på videregående og fått seg kjæreste. Gjenstår å se om hun blir hjemme, ja…

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s