Billig mat, Fest, Jul, Noko søtt, Veggis
Comments 8

Julekaker – karamellkaker/kolakaker og ingefærsnittar


I juletida vert det tydelegare enn elles at mat er eit viktig kommunikasjonsmiddel menneske imellom. Alle lurer på kor langt du har kome i bakinga, og framande menneske snakkar med kvarandre når dei set seg til bords og et saman.

Ordet jul tyder festar, og julegildet er høgdepunktet i mørketida. Folk kjem saman for smake på julebaksten, prate og ha det hyggeleg. Den gamle skikken å alltid by fram noko i juletida for at gjesten ikkje skal ”bere jula ut” er ein tradisjon å ta vare på. Småkaker i fine boksar kan og vere ei kjekk julegåve, særleg til eldre som ikkje bakar sjølve lenger, men som syns det er triveleg å ha noko godt å by på når det kjem besøk.

Dei eldste julekakene våre vart steikt i jarn eller i smultgryte over open eld. Julekaker steikt i bakaromn er ein ny tradisjon. Folk flest hadde ikkje omnar å bake i, og julekakene vi bakar i dag er ikkje eldre enn då støypejarnskomfyren vart teken i bruk på slutten av 1800-talet. Å få kakene jamt steikte var truleg litt av eit kunststykke i dei vedfyrte omnane.

Mykje endra seg då elektrisiteten kom og kolonialvarer som kakao, sukker og rosiner vart å få kjøpt. Lefser og flatbrød vart steikte på takke over open eld, difor har ein bakt dei i fleire århundre.

Til småkaker står det som oftast smør i oppskriftene, og meierismør gjev ein fyldig og god smak. Alternativet er vanleg Per eller Melange margarin. Soyamargarin gjev som regel eit dårleg resultat, og bør ikkje brukast til slik bakst. Uansett må smør eller margarin vere romtemperert viss du skal røre det lyst og luftig med sukker, elles vert det ein tung jobb.

Eit anna tips som hevar smaken: Kjøp nytt krydder. Særleg nellik og kardemomme kjøpt i pose tapar seg når dei vert sjeldan brukt.

Når du skal servere kakene, kan du bruke nokre små, fine boksar, med dekor som passar saman. Fyll på med kaker (frå dei store boksane i spiskammerset) etter kvart som dei vert oppetne, og la dei stå på stovebordet heile tida. Når gjestar stikk innom opnar du berre boksane, og det heile vert ikkje så formelt.

Karamellkakene vert ofte omtalt som colakaker eller kolakaker. Det er ein oversettingsfeil frå svensk. Dei fleste som har handla snop på svenskegrensa veit at karamell kallast kola på svensk. Desse kakene er opprinneleg svenske, og kallast kolakakor. Dei får den deilige karamellsmaken av sirupen som er i deigen.

KARAMELLKAKER

200 gram margarin/smør

180 gram sukker

2 ss lys sirup

2 ts bakepulver

1 ss vaniljesukker

360 gram kveitemjøl

Rør margarin/smør og sukker lyst og luftig med ein elektrisk miksar.  Ha i sirup, bakepulver og vaniljesukker. Rør mjølet inn til slutt. Du har no fått ein litt kornete deig som går saman når du knar han på bakebordet.

Kna deigen saman til ei tjukk pølse som du deler i 12 delar. Er deigen for blaut så kna inn litt meir mjøl, og er han for hard så tilsett litt vatn. Trill ut 12 pølser som er like lange som steikebrettet. Legg fire pølser på kvart steikebrett med bakepapir under. Klapp pølsene flate med handbaken. Steik dei midt i omnen på 180 grader i 10-15 minutt.

Ta kakene ut av omnen og skjer lengdene tvers over med ein skarp kniv eller eit pizzahjul slik at kakene vert kvadratiske. Dette må gjerast medan dei enno er varme. Karamellkakene er ikkje så vakre å sjå til, men nydelege på smak.

INGEFÆRSNITTAR

250 gram margarin/smør

300 gram sukker

1 egg

1ts vaniljesukker

1 ts hornsalt

125 gram potetmjøl

350 gram kveitemjøl

100 g hakka, sylta ingefær

Rør margarin/smør og sukker lyst og luftig. Ha i egget og rør det inn.

Hakk den sylta ingefæren i små, små terningar, og rør inn i mjølet.

Ha i alt det turre, og rør deigen jamn.

Strø litt mjøl på bakebordet og kna deigen til ei pølse. Dersom deigen er for klissete må du kna inn meir mjøl.

Del deigen i 12 og trill ut pølser som er like lange som steikebrettet.

Legg tre pølser på kvart steikebrett med bakepapir under og trykk pølsene flate med handbaken. Dei sig utover under steikinga.

Steik dei på 200 grader midt i omnen i om lag 10-15 minutt. Ta dei ut av omnen og skjer lengdene i ca. 1 1/2 cm breie strimlar på skrå medan dei enno er varme.

Sylta ingefær får du i innvandrarbutikkar, pass på at du får den varianten som ligg i sukkerlake. Desse kakene er sprø og gode på smak. Dei kan også lagast utan ingefær, eller du kan hakke coctailbær og ha i røra.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Jul, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

8 Comments

  1. Takk igjen for alt du deler med oss. Har laget mye av dine oppskrifter og er like fornøyd alltid.
    Nå skal jeg prøve karamellkakene. Da blir minsten glad fordi det ikke er egg i de.
    Ønsker deg og dine en god søndag.

    Likar

  2. Red Hobbitt: Så bra! Det har eg ikkje tenkt på, men du har heilt rett. Eg kjem med ei pepparkakeoppskrift litt seinare, som også er eggefri.

    Likar

  3. Det blir karamellkaker her også, helt klart! Rekreasjonsbaking mandag ettermiddag. Og vet du hva? Jeg har oppdaget at de mellomstore glassene med pulverkaffe er kjempefine som «bokser» til å gi bort spiselige gaver i. Når etiketten på hver side er fjerna, er faktisk fasongen på glasset ganske bra. Har vært så heldig å kunne samle noen (tomme) slike fra jobb, og i morgen kveld er de alle forhåpentligvis fulle av nybakte julegaver.

    Hjertelig takk for super oppskrift!

    Likar

  4. Tilbakeping: Nå er det nok! Basta! « Elisabeths Eldorado

  5. Karamellkaker er bakt og prøvesmakt, og jeg er hekta! Det blir nok et lite bakeri i morgen eller torsdag også… De jeg har bakt nå i dag skal for det meste gå til julegaver til venninner m/familie, pluss et glass til min hemmelige venn på jobb (jada, vi har det!), men jeg vil helst ha noen selv også etter å ha smakt dem. Og jeg vet noen til med samme etternavn som meg som gjerne vil smake 😉

    Takk for kjempeenkel og fin oppskrift! Jeg måtte legge på ei skje mer med sirup (istedet for vann!) for at deigen skulle samle seg, men ellers var det plankekjøring. Me much like.

    Likar

  6. Thanks for posting all these recipes! I’ll definitely try the pepperkake ones… Home-baked’s always so much better! 🙂

    Likar

  7. Tilbakeping: I can feel it getting closer « Elisabeths Eldorado

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s