Lykke, Musikk
Comments 4

Åfyttikatta!

Eg har ikkje skrive noko om konserten eg var på på søndag, viss du vil ha detaljane så kan du lese glamourbibliotekaren sin omtale av den på hennar musikkblogg Bach og Bee Gees.

No har plata, Hjernen er alene, komt i remastra og stelt utgåve. For meg er det naturleg å samanlikne den med den andre store norske plata det året (1989), Splitter pine. I mitt liv har nok Splitter pine betydd meir, men De Lillos var også vår musikk.

Der Splitter pine er rett på og full av testosteron og mannesveitte, er Hjernen er alene eit konseptalbum som heng saman frå A til Å. Den er introvert og ettertenksom, men live så eksploderer sangane på ein måte som gjer at taket løftar seg. Det sat ei dame bak meg i operaen på søndag som kviskra til mannen sin: «jeg synes det er litt høyt». Då er det ikkje for høgt, tenkte eg, når eg kan høyre deg kviskre det der.

No ventar eg på at de Lillos skal gjere det same med Suser avgårde som dei gjorde med Hjernen er alene. Då står vi der og hoppar opp og ned, på lang, lang rekke aller fremst, vi som tok første avdeling, med meir eller mindre hell, i 1986.

This entry was posted in: Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Pingback: Hjernen er alene – i Operaen « Under stjernene

  2. Som førstegangskonsertopplevelse var dette helt strålende! 🙂

    Det var slett ikke for høyt, det var bare bra!

  3. Johnny Fredrik says

    Hei, flott opplevelse var det ja!
    Både konsert og «lokalet» svarte til forventningene og vel så det.

    Hvis du antyder at deLillos burde ha en lignende framføring av «Suser avgårde», så ble det gjort allerede for tre år siden, på Rockefeller..

  4. Der ser du. Sløve meg, fekk ikkje med meg den konserten. Då er det sju år til neste gong, kanskje? Dei er jo glade i jubileum? Hihi…

Leave a Reply