Livet, Musikk
Leave a Comment

Noko heilt ujulete

Denne songen er Bette Midler sin finaste, syns eg. Det er The wind beneath my wings, frå filmen Beaches. Den kom i 1988, og er forteljinga om vennskapet mellom barnestjerna CC Bloom (Bette Midler) og den rike jenta Hilary frå San Fransisco (Barbara Hershey). Bodskapen (slik eg tolka den) er at når ein har vore verkeleg nær kvarandre så er det alltid ein veg tilbake til vennskapet og varmen.

Finn du filmen, så sjå den. Den er ei skikkeleg tåreperse, utan happy ending, men av og til treng ein det, syns eg. Og sangen er fantastisk. You raise me up? Move over. Denne var først.

This entry was posted in: Livet, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply