Billig mat, Fest, Mat, Noko søtt
Comments 10

Dessertar til jul

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente.

I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Sist eg var på ein ICA-butikk fann eg ekte vaniljesukker, med svarte prikkar! Finn du det, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Får du tak i slikt vaniljesukker kan du redusere litt mengda vaniljesukker i oppskriftene, for smaken er meir intens.

Karamellpudding

1 1/2 dl sukker

1 vaniljestang eller 3 ts vaniljesukker

6 dl heilmjølk

3 dl kremfløyte

6 ss sukker

6 egg

Ha 1.5 dl sukker i ei avlang brødform og sett forma på middels varm kokeplate. Karamelliser forma utan at sukkeret svir seg. Sukkeret skal altså smeltast i botn og på sidene av forma. Sett forma til avkjøling. Glasuren kjem til å sprekke, det gjer ingen ting.

Splitt vaniljestanga på langs, skrap ut dei små, svarte frøa og ha frø og stang i ei gryte saman med mjølk, fløyte og 6 ss sukker. La det heile få eit oppkok, og avkjøl blandinga litt. Pisk egga lett saman. Hell mjølkeblandinga over eggemassa medan du rører godt.

Sil blandinga over i den glaserte forma. La forma stå 10 minutt før du set ho inni omnen.

Steik puddingen ved 125 grader vannbad på nederste rille. Forma skal stå i ei langpanne fylt  halvt opp med varmt vatn. Eg brukar å koke opp vatn i vasskokaren eller i ein kjele, det tek lang tid å koke opp vatn i langpanna.

Steik puddingen i 1 1/2 time. Stikk ein kniv inni puddingen og sjå at det ikkje kjem mjølk piplande fram, då er han steikt. Når du tek ut forma, må du ikkje ta ut langpanna, då skvalpar det garantert. La langpanna stå i omnen til omnen og vatnet har kolna, så unngår du skolda leggar!

La puddingen stå til dagen etterpå før du vender forma på eit fint, avlangt fat. (Den kan godt stå to dagar og, så lenge den står kaldt. Karamellsmaken vert berre meir intens.) Då har fuktigheita frå puddingen gjort karamellen om til karamellsaus, og det heile smakar himmelsk!

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Mat, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. HildeSofie says

    Ehh….hvilket sukker skal hvor? 1 1/2 dl i formen, eller 6 ss?

    🙂

  2. Godt spørsmål! 1,5 dl skal i forma, 6 ss skal i mjølka. Eg skal rette opp.

  3. Maiblomst says

    Mm! Karamellpudding er noko av det beste som finns! Og det gjer ikkje noko at den er grei å lage også:-)

  4. Karamellpudding er noe av det beste jeg vet også. Lager det hver jul. Det funker ikke å karamellisere rett i formen hvis du har induksjonsovn, men det går helt fint å smelte sukkeret i tørr stekepanne på moderat varme og helle i formene. Jeg bruker bare helmelk, ikke noe fløte, og siler blandingen ned i formene. Ellers gjør jeg omtrent som deg. En grei og kjempegod dessert. Helt enig i alt om vaniljestang/sukker…

  5. Har du prøvd Cemo sitt vaniljesukker?
    Eg ser at apoteket har liknande krydder, men dei er ikkje identiske med Cemo, fekk eg vite i Ørsta i dag.

  6. Nei, det har eg ikkje. Er det også laga med ekte vanilje? Då er det sikkert minst like godt som Tørsleffs. Har ikkje sett Cemo her i storbyen.

  7. Dette høyrer til på jolaftan heime, men det har alltid vore eit lite mysterium korleis den vert til (mødre er dei beste). Himmelpudding vert den kalla hjå meg, og servert med piska krem og karamellsaus i arva krystallbolle.

  8. Hydra says

    Ein kan lage vaniljesukker sjølv ved å køyre sukker og vaniljestangfrø i hurtigmiksar til meliskonsistens. Legg dei utskrapa stengene på tett glas saman med sukkeret, så får det gradvis sterkare vaniljesmak.

  9. Cemo får ein på butikkar som Traktøren, Til bords, Gåvebuda(Ørsta) og liknande, altså meir «gåvebutikkar». Eg har reklamert for dei på bloggen før. Og eg har masa på dei i Ulsteinvik om å skalffe ekte vaniljesukker, for der finst vanleg og. Dei forstår ikkje forskjellen for å seie det sånn. Men har du først fått smaken på det…. Det er sjølvsagt laga av frøa frå vaniljestang og fint sukker.

  10. Men har ikkje ICA-butikkane det? Eg trudde det var i standardsortimentet? Uansett har Black Boy ekte vaniljestenger i posane sine, og då kan ein som Hydra seier lage sitt eige vaniljesukker.

Leave a Reply