Jul, Livet, Lykke
Comments 4

Rare ting som gjev meg julestemning


Virrvarr har posta sine julestemningsting, og så lurer ho på kva vi andre treng for å kjenne på julekjensla. Eg veit ikkje om mine ting er så rare, men her er dei iallfall:

1. Bugge Wesseltoft sin CD «It’s snowing on my piano». Den byrjar å surre og gå rundt midten av november. Før julemarsipanen kjem i hus.

2. Å bake dei franske pepparkakene og lage gløggekstrakt saman med gode U. Eg trur første gongen vi gjorde det saman var i -84.

3.  Å halde på med greier på kjøkkenet lenge etter at alle har lagt seg.

4. Å synge julekonsertar. Eg har hatt eit langt opphald, men dei to siste åra har eg gjort det igjen. Deilig.

5. Tuss og Troll.

6. Å aldri sjå Askepott og nøttene heilt igjennom. Eg veit ikkje kvifor, men eg har aldri sett heile.

7. Å gå opp i huset til søskenbarna mine og takke for gåvene etter at vi har pakka opp våre.

8. Eit kjøleskap som er heilt sprekkeferdig av mat. Og så kjem foreldra mine med meir.

9. Bilda vi tek etter oppakkinga der ungane poserer i det dei har fått av klede. Utanpå det dei har på seg frå før, sjølvsagt.

10. Riskrem  servert etter at vi er så mette at vi held på å sprekke.

11. Lange lister med kven som fekk kva frå kven, ført i pennen av svigermor.

12. Lukta av julekaffi frå gåveposen som søstra mi har gitt oss. Eg drikk den ikkje, men luktar gjerne på den.

13. Den atterhaldslause gleda i andletet til ein du har gjeve ei gåve til og som vart oppriktig overraska og fornøgd.

14. Å kjøpe eit digert juletre hos gubben frå Solør nede i krysset, treet må vi kappe av litt på for å få stjerna på plass.

15. Å sove lenge om morgonen.

16. Å gå over plenen og hente dei tomme kakeboksane frå naboen og ta dei med tilbake for å fylle dei på nytt. Som eg har gjort kvart år sidan 1991. Dei same boksane.

17. Sviblar, med jorda vaska av, i ei glasskål.

18. Heile familien på lang tur i gatene, pent kledde, på første juledag.

Det var mine, kva er dine?

This entry was posted in: Jul, Livet, Lykke

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Fann ingen rare ting på lista di 🙂
    Eg kjenner sjeldan på julestemninga før lillejulaften:

    a) Leggje seg lillejulaften med nyvaska kropp på nyvaska rom i rein seng med nyvaska sengklede og vite at alt vart ferdig i år også.
    b) Stå opp på julaften og vandre rundt i pysjen og bli forskrekka og glad over kor forandra huset har blitt.
    c) Opne kjøttrullen og leggje mange tynne skiver på nytina horn.
    d) Vere oppe lenge på julaften, veldig mett og veldig trøytt, men ha det triveleg med å gjere klart til frokosten første juledag.
    e) Men ingenting slår lukta av ribba hennar mor – då er det jul!

    Likar

  2. Så fin en liste du har 😉 Og tenk gå til naboen med kakebokser og fylle de opp igjen, du har et stooort hjerte kjære deg;)

    Og ja, du bare må prøve risboller med kvit sjokolade. De er bare helt knall, promise;)

    Klem fra ho som sitt med fotan i fotbad, fryser så innmari, sjø 😉

    Likar

  3. Tilbakeping: Julestemningen « Hagen på Hytta

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s