Jul, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Comments 15

Det vesle huset i skogen


I dag hadde vi den store pepparkakebakedagen. Pepparkakehus høyrer alltid med til vår jul, sjølv no etter at borna mine har blitt store. Vi har også små søskenbarn som gjerne vil kome innom på denne spesielle dagen. Då er det viktig å ha ein god deig som er lett å jobbe med, og som rekk til to hus, mange store hjarte og endå nokre figurar som kan illudere dei som bur i det fine huset.

Det finst mange pepparkakeoppskrifter, og resultatet kan variere. Eg har gode erfaringar med deigen under, der ein kokar opp sukker, smør og sirup. I nokre oppskrifter har ein også i fløten når ein kokar det heile opp, då tek kolninga lenger tid. Når ein kokar opp smør, sirup og sukker vert sukkerkorna løyst opp godt. Eg har prøvd deigar der smør og sukker er rørt kvitt. Då vert steikeflata meir ujamn, og ein ”ser” spora etter sukkeret.

Pyntinga av huset foregår etter alle kunstens reglar. Vi limar huset i hop på den ”farlege” måten, med smelta sukker. Det gjer det meir stabilt, syns eg.

Huset har søte småruta vindauge, dei lagar eg med gamaldagse sitrondrops, som eg knuser og legg i opningar i deigen. Når eg steiker kakene smeltar sitrondropsa og lagar fine, gyldne karamellglas.

Du kan også bruke bringebærdrops, men drops med kunstige søtningsstoff kan ikkje brukast. Kamferdrops fungerer til nød, men dei karamelliserer ikkje så lett som fruktdropsa. Sprossene er lagde av tynne deigpølser som er lagt i kryss.

Utfordringa med å lage pepparkakehus er at ein gjer det berre ein gong i året. Det gjer at ein ikkje alltid huskar frå år til år kva som er lurt og kva som ikkje er lurt. Eg har brukt å ha same storleik på tak og vegg, og gløymer for kvart år at det er lurt å ha taket litt kortare og litt breiare. I år huska eg på å lage det litt kortare, men eg gløymde å lage det litt breiare. Ja ja, ein kan ikkje huske på alt her i verda.

Eg har funne såkalla dropsmatter som eg kjevlar ut husdelane og kakene på. Det gjer heile operasjonen utruleg enkel, ved at eg slepp å flytte delane frå der eg kjevlar dei ut til steikebrettet. Dropsmattene går rett i omnen som bakepapir. Du kan også bruke tynne silikonmatter, men dei er ikkje så lette å bake på. Slik gjer du det:

Pepparkaker

300 g meierismør

2 dl sirup, eg brukar mørk

4 dl sukker

2 dl kremfløyte

1 ts nellik

1 ts malt ingefær

1/2 ts peppar

4 ts kanel

2 ts bakepulver

ca. 900 g kveitemjøl

Bland smør, sirup og sukker i ei tjukkbotna gryte. Varm opp til sukkeret er heilt smelta, altså rundt kokepunktet. Ta gryta av plata og la blandinga kolne litt. Rør i fløyten. Sikt i krydder, bakepulver og mesteparten av mjølet. Rør alt i hop til ein jamn deig. La deigen stå kaldt til neste dag.

Del deigen opp i passe bitar. La dei bitane du ikkje jobbar med ligge i kjøleskapet. Elt deigen i litt mjøl på bordet og kjevle den til den er ca. 3 mm tjukk.

Lag ein mal, til dømes av overhead-plast eller demonter ei plastmappe. Skjer ut malar som er så store som du vil ha dei, du treng to sideveggar, to gavlar og to takplater. Mål opp at takplata går litt utanfor veggen, og at veggen på gavlen (før den skrår inn) er like høg som langveggen.

Legg malane på deigen, og skjer dei ut med ein skarp kniv. Pass på at du ikkje skjer igjennom bakepapiret eller silikonmatta du brukar. Stikk ut vindauge med det du måtte ha. Vi har brukt sirupsnippformer på høgkant til gavlvindauge, det vart kjempefint. I år vart det loket til kanelboksen, og rundt gavlvindauge. På langsida brukar eg loket til ein firkanta krydderboks, ei tom fyrstikkeske er også fin storleik.

Pirk ut deigen inne i vindauga. Legg eventuelt på sprosser, og dryss knust drops i opningane. Pass på at du ikkje får knust drops på sjølve deigen, det brenn seg og ser ikkje så fint ut. Steik delane i omnen på 175 ° C i ca. 10 minutt.

Smelt 3 dl sukker på middels sterk varme i ei steikepanne. Rør innimellom så varmen fordeler seg og sukkeret smeltar jamt.

Dypp den eine gavlen i sukkeret og la det drype av. Sett den tett inntil den eine langveggen. Dypp den andre langveggen, og sett den inntil gavlen. Dypp begge sider av den siste gavlen i same runde, og dytt den mellom dei to langveggane. Dypp til slutt den eine takplata, og dytt den saman med den andre. Legg taket på huset medan det framleis er litt bevegeleg. Fyll eventuelt på med meir smelta sukker frå ei tresleiv for å lime taket fast ordentleg.

Eg brukar også eit stort hjarte som eg stikk ut mindre hjarte i. Desse får og dropsfyll i opninga. Så stikk eg ut eit hol til sløyfeband med tuppen på ein epleutstikkar. Har epleutstikkaren sagtaggar kan du også gjere det etter at kaka er steikt, i tilfelle du gløymde sløyfeholet før steikinga.

Lag glasur av tre eggekviter (stor porsjon!) og nesten ein pakke melis. Pisk eggekviten stiv. Ha i melisen litt og litt medan du fortsatt piskar. Dette blir på ein måte ein marengsmasse. Den er mykje meir stiv og lett å handtere enn ein vanleg melisglasur med vatn eller flytande eggekvite.

Eg har glasuren i ein kraftig pose med glidelås. Tre posen nedi eit litermål, brett den utover kanten. Då kan du lett fylle glasuren i posen. Har ikkje posen glidelås så knyt den igjen. Klipp eit bittelite hol i eine hjørnet. Det viktigaste er at glasuren berre kjem ut der den skal nemleg gjennom det vesle holet. Lykke til med pepparkakebaksten!

15 Comments

  1. Maiblomst says

    Her var det gode tips! Skal hugse både dropsvindauga og å piske til marengsmasse:-)

    Likar

  2. FiveoaksBouquet says

    Hi, Gunda, my Norwegian is not up to par but I must say that is a beautiful little gingerbread house! Excellent job! God jul!

    Likar

  3. Jeg bare registrerer at vi her i huset har en vei å gå før vi kan konkurrere med et pepperkakehuset ditt. Huset og nissen på slede osv er riktig bra, det er når glasuren og pynten skal på at trøbbelet begynner her….

    Likar

  4. Vi har også laget bygningselementene til pepperkakehus i dag, men det er ikke montert. Jeg skal prøve å huske sitrondropsvinduene neste år. Det har jeg aldri tenkt på, og nå er det for sent for denne julen. Men jeg skal prøve glasur med stivpisket eggehvite. Det har jeg aldri forsøkt før.

    Hva slags matter er «dropsmatter» (og hvor kjøper du dem)?

    Likar

  5. Det er tunge og litt «seige» matter av silikon (som ligg under på det øverste bildet) som toler å bli med steikeplata inn i omnen. Eg har kjøpt mine i København på Kunst og Køkkentøj, men eg har også sett dei på Panduro hobby. Dei kan lett klippast til slik at dei passar til mine steikeplater. Dei tynne (på bildet med gavlane) som er bakepapir i silikon er kjøpt på Clas Olsson. Begge typane kan brukast om att og om att. Den første dropsmatta kjøpte eg i Køben rundt 2000, no byrjar den bli litt sliten.

    Likar

  6. Det var et godt råd å stivpiske eggehvite til glassur.

    Jeg vet ikke hva du mener med «poser med glidelås». Jeg bruker alltid engangsposer til eggehviteglassur. Jeg har forsøkt med gjenbrukspose, men de begynner alltid å lukte funky etter en stund, uansett hvor godt de vaskes. En gang kjøpte jeg en rull med 100 eller 200 sprøyteposer (husker ikke). Det holder i mange år for meg.

    Hold posen i venstre hånd (hvis du er høyrehendt) og brett den ned over hånden. Fyll den opp og tvinn igjen åpningen. Da spiller man glidelåser, surringer osv. Press med venstre hånd og styr med høyre, tvinn mer når det begynner å minke med innhold.

    Hvis man vil være tøff lager man kremmehus av matpapir og bruker det som sprutepose.

    Likar

  7. Tilbakeping: Nye pepparkakehusmetodar? « Alt godt

  8. Tilbakeping: Nytt hus! « Alt godt

  9. Ellen Propellen says

    Her var det mange gode tips!
    Dropsvindauge har eg faktisk prøvd tidligare, men det er ein slik sak ein gløymer frå år til år. Bakematte som kan steikast var genialt, noko av mitt problem har vore fasongforandring under transportetappen. Stivpiska eggekviter skal eg absolutt prøve!

    Likar

  10. Tilbakeping: Pepparkakehuskonkurranse! « Alt godt

  11. Tilbakeping: Djup konsentrasjon… « Alt godt

  12. Tilbakeping: Julehuset | Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s