Jul, Musikk
Comment 1

Noko av det vakraste XIV

Eg måtte sjekke når denne plata kom ut, det var altså i 1997. Sidan det trur eg at eg har gjeve bort nærare 20 av den til slekt, vener og kjende. Den gjev meg julekjensle i løpet av dei to første taktene. Den gjer at blodtrykket går ned, skuldrane senkar seg og alt blir roleg og fint.

Bugge Wesseltoft har hatt mange vellykka prosjekt, men eg trur “It’s snowing on my piano” er noko av det han verkeleg har tent pengar på, og det er han vel unnt. Len deg tilbake og lytt til denne, og fryd deg over dei som bygger snømann i videoen. Ha ein fredeleg kveld!

This entry was posted in: Jul, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply