Billig mat, Fest, Heidi, Jul, Noko søtt, Sausar og dippar
Comments 6

Endå fleire dessertar?


Ja, eg har faktisk tre dessertoppskrifter til. Desse er Heidi sine, og her får du lære å lage heimelaga sjokoladepudding med vaniljesaus. Eg kan love deg at den er betre enn Tine sin. Eg lagar alltid pikekyss sjølv, men det går fint å lage pikekyssdesserten med kjøpte. Men her og er dei heimelaga best, ikkje minst fordi du veit kva som er i dei.

Alt godt

Sjokoladepudding

8 dl mjølk

2 ss kakao

4 ss sukker

2 ts vaniljesukker

7 plater gelatin

Kok opp mjølk, kakao, sukker og vaniljesukker, og set det til sides. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i ei skål og la dei ligge der i 5 minutt. Vri gelatinplatene opp og legg dei i ei skål. Slå litt varm kakao over gelatinen og rør han ut i den varme blandinga. Hell så denne blandinga i kakaoen medan du rører flittig. Gelatinen må ikkje koke, så du må ikkje ha gryta på varm plate medan du gjer dette. Avkjøl blandinga litt og hell puddingen i ei glasskål. Det har lett for å verte eit botnfall i puddingen, så den vert finare viss du rører litt i den før den vert stiv. Ikkje rør etter at den har stivna.

Vaniljesaus

1 egg

4 dl mjølk,

( evt. 3 dl mjølk og 1 dl fløyte)

2 ss potetmjøl

2 ss sukker

1 ss vaniljesukker

Ha alt saman i ei panne og varm dette under stadig omrøring til sausen tjuknar. Sausen må ikkje koke fordi her er egg i. Avkjøl sausen og server den saman med sjokoladepuddingen.

Pikekyssdessert

1 pose ferdigkjøpte marengstoppar, ofte kalla pikekyss (eller heimelaga.)

3 dl kremfløyte

2 bananer

200 gram blå eller grøne druer

rips eller anna bær.

Pisk fløyten stiv. Bland inn marengstoppane, bananskiver, halve druer og ripsbær eller anna bær om du har. Ha dette over i ein dessertbolle og pynt med marengs og druer.

Bær- og isdessert

Denne desserten er  Åste Holhjem sin spesialdessert og den er utruleg god!

2 liter vaniljeis

litt bær, for eksempel rips, bringebær, blåbær eller bjørnebær

3 dl kremfløyte

2 beger skogsbæryoghurt.

Legg yoghurt, vaniljeis, bær og piska krem lagvis i ein dessertbolle. Bruk den bærsorten du sjølv har i frysaren. Du kan og blande ulike bærsortar. Desserten bør etast før isen har smelta.

6 Comments

  1. Hm…den pikekyssdesserten kan nesten bli en Pavlova. 50/50 krem og vaniljekrem og dropp bananene – og vips enmanns Pavlova!
    Takk for mange gode forslag de siste dagene, men jeg aner ikke hva det blir til.
    Desserten er det minst viktige på julaften, syns jeg. Men gjestene mine syns det er viktig, så da må det nesten bli noe.
    Vi har egentlig en karamellpuddingtradisjon (min slekt), men karamellpudding blir det ikke i år ettersom karamellpuddingsmakeren ikke kommer, og jeg har ikke tenkt til å lage det.
    Jeg foreslo fruktsalat med is eller krem, men det var ikke noe gutta mine syntes noe om. Multekrem var det visstnok ingen som likte, og riskrem er blæ – syns jeg. Akkurat nå er vi på Iskake og kransekake. Det er enkelt for meg, og dødskjedelig.
    Men kanskje Pavlova? Den bær og isdesserten virker også fristende. Men hvordan legger man dette lagvis – blir det ikke bare rotete?

    Likar

  2. secretinme says

    prøv heller å lage heller vaniljesausen med vaniljestang.
    Blir mykje betre då, syns vaniljesukkeret gjir en liten falsk smak.
    Ellers hørtes alt veldi godt ut.

    Likar

  3. Kristin says

    Hei 🙂
    Sjokoladepuddingen er den god?
    Og for hvor mange personer er den ca. beregnet?

    Likar

  4. Heilt vanleg freia kakao, den gamle sorten. 🙂 Ikkje bakekakao etter min smak, med mindre du vil ha ein «mørkare» smak. Kanskje viss du skal servere den til vaksne?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s