All posts tagged: Britisk mat

Epla som ingen vil ha


Kjøper du med litt frukt? Seier eg til min kjære. Og det gjer han. Han kjem heim med eple, bananar og appelsiner, og fruktfatet bugnar. Bananane vert fort borte, appelsinene tekk litt lengre tid. Men det slår ikkje feil. Ved slutten av veka ligg det ein appelsin og nokre lett rynkete eple att. Så då er det opp til meg å finne på noko kreativt med det som ligg på fatet. Vi har tilbrakt nokre sommarar i Stor-Britannia, og den beste maten får du faktisk på dei lokale pubane. Der får du tradisjonell engelsk kost, som Sheperd’s pie, bangers and mash, og den retten eg har laga i dag, toad in the hole. Min versjon av retten består av gode pølser som vert bakt med løk og eple i ei krydra pannekakerøre, ikkje ulikt den dei brukar når du får Yorkshire pudding, eit vanleg tilbehør til engelsk søndagssteik. Toad in the hole betyr ”padde i holet”, kanskje kan det sjå ut som ei padde som tittar opp av eit jordhol når pannekakerøra hevar seg opp …