Denne ostepaien er perfekt til ein maibuffé, som vegetaralternativ på 17. mai eller som smårett når venninnene møtest for å dele ei flaske vin. Det er lett å variere smaken etter kor smaksrik ost du brukar. Eg blanda litt fetaost og ein edamer som eg har gøymt unna sidan jul, den paien fekk skikkeleg punch. Viss du brukar mildare ostar kan du garnere paien med salte smakar som spekeskinke eller lodderogn og rømme. I så fall kan du lage paien med naturell kremost, til dømes.
Versjonen eg lagde i dag står heilt på eigne bein, du treng berre eit godt glas kvitvin ved sidan av. Paien får ein luftig og lekker konsistens på grunn av egga og den piska fløten. Denne porsjonen passar akkurat til mi paiform, som er 25 cm i diameter. Slik gjorde eg det:
Paiskal:
80 g smør, kaldt og i terningar
160 g kveitemjøl
2-3 ss kaldt vatn
Fyll:
250 g riven/smuldra ost
1,5 dl kremfløte, ”naturell”
1,5 dl kremfløte, piska
3 egg
¼ ts kayennepeppar
Sett omnen på 200 grader.
Ha smøret og mjølet i ei matmølle. Køyr den til alt smøret er smuldra. Ha i vatnet litt og litt, og køyr matmølla til deigen har samla seg som ein klump rundt midtstolpen. Form den som ein diskos, pakk den i plast og legg den i kjøleskapet på ein kalender.
Ha osten i ein bolle, og slå på den upiska fløten. Bland inn egga og kayennepeppar.
Kjevle ut paiskalet og legg det i forma. Trykk det ut og over kanten slik at det akkurat dekker forma. Prikk botnen, legg erter eller glassteinar i paiskalet så det ikkje blæs seg opp, og forsteik det i 10 minutt.
Pisk 1,5 dl fløte, og vend den forsiktig inn i ostemassen. Ha ostemassen over i det forsteikte paiskalet og steik paien i ca. 30 minutt, til ostemassen har smelta og stivna igjen. Server med det garnityret du har lyst på, grøn salat og eit godt brød.