Eit godt brød må alltid vere med på ein buffé, og viss du supplerer med litt god skinke, nokre marinerte reker og godt drikke har du festen klar. Har du dårleg råd, og blir beden om å ta med noko til ein buffé, så tilby deg å bake loff. Det er alltid populært, og kostar nesten ingen pengar.
Fletteloff er nostalgi for meg, ei av tantene mine brukte å lage det, så den minner meg om henne. Ein fletteloff ser flott ut på bordet, og er enkel å lage. Slik gjer du det:
4 dl lunka vatn
1 ts salt
1 ss maltekstrakt
2 ss olivenolje
9 dl kveitemjøl
1 ts tørrgjær
Sett steikeomnen på 220 grader.
Ha vatnet i bakebollen. Ha i salt, maltekstrakt og olje. Maltekstrakten kan sløyfast, men gir god smak og fin farge, pluss at den inneheld b-vitaminar.
Elt inn mjølet litt og litt, saman med tørrgjæra. Kna det heile til det er ein glatt og spenstig deig som ikkje er for blaut, men heller ikkje for fast. La deigen heve ein halvtime.
Del deigen i tre, og trill tre lange pølser. Flett pølsene til ei flette som går på skrå over bakebrettet ditt. Legg fletta på bakepapir på bakebrettet, og la den heve i 45 minutt. Steik den i 20-25 minutt til den er gyllen og fin, og la den kolne på rist.