Bokmeldingar
Comments 3

Andreas Viestad: Ekte mat


Andreas Viestad har gitt ut fleire kokebøker, og stort sett har dei gitt meg kjensla av å vere matspaltene oppattrykt. Det er slett ikkje dumt, eg samlar ikkje på magsinet, men likevel har det vore litt «ferdigtygd» materiale.

Difor var eg skeptisk då eg fekk denne boka i hende. Men så feil kan ein ta. Ja, eg kjenner att nokre av oppskriftene, og tematikken hans er ikkje ny. Men det han gjer er utruleg bra.

Eg har eit snev av skepsis til råvareromantikarar og folk som meiner at den dyraste maten er den einaste som går an å ete. Likevel klarer Viestad å sjarmere meg med dei rufsete og enkle oppskriftene sine og dei slentrande tekstane.

Måten han beskriv griseslakting på er slik at ein faktisk får lyst til å slakte. Etter å ha lese denne boka er ingen kaniner i nabolaget trygge. Geitekidd er frå no av ei delikatesse som ein berre må få med seg. Eg finn ingenting matfagleg å ta han på, oppskriftene er grundige og nøyaktige. Fagstoffet om urter, grønsaker og frukt/bær er også veldig bra.

Boka er blytung, den er på 500 sider og du må nesten ha eit kokebokstativ for å kunne ha den på kjøkkenet, så uhandterleg er den. Fontane er fine, typografien og designet er enkel og tydeleg, og den er lettlesen. Denne boka er berre å sette på ønskelista til jul.

This entry was posted in: Bokmeldingar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Jeg liker Viestad. Han har slike ordentlige holdninger, synes jeg, og så var han så utterly charming da han var engelsksnakkende tv-kjendis-kokk med scandinavian cooking på BBC, hvor han fortalte ivrig og frøys på utendørskjøkkenet og lagde masse deilig som han tallerkenpresenterte altså så utrolig lite gourmetmessig! Hahaha! forfriskende 😀

    Likar

  2. hildeovedia says

    Jeg er veldig for gris! Kan fremdeles huske den nydrepte grisen til naboen som lå på slaktebenken ute, og venta på å bli skåldet med kokende vann for at håra lettere skulle bli skrapet av! Jeg var under 6 år, og grisen var gigantisk! Skummeltspennende! Slaktsjøl, kan bli en ny næring! Men syltelabber har jeg ikke enda fått fot for:)

    Likar

  3. Jeg skrev og fotograferte fra en griseslakting med en dyktig bygdeslakter forrige høst. De dyrene fikk dø med verdighet – ikke noe hyling, stress og angst.
    Men da grisen fikk se broren sin opphengt etter beina – kløyvd i to – da gråt han og jamret seg, lillemann, før det var hans tur med slaktemaska.

    Skriv gjerne litt om blodmat framover. Håper å få sett blodklubb-damene i storform i helga. 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s