Bokmeldingar
Comment 1

Odd Ivar Solvold: Smak


Odd Ivar Solvold har saman med Terje Svendsen skrive boka Smak. Boka er utgjeven på Cappelen Damm.

Solvold presenterer sin matfilosofi på ein enkel og lett forståeleg måte. Han legg vekt på gode råvarer, og let valga av kva han skal lage styrast av kva råvarer som er i sesong og av topp kvalitet.

Samstundes er boka velsigna praktisk lagt opp. Her finn du kvardagsmiddagar med ris og pasta, bakverk, lekre dessertar og eit flott tapas-kapittel.

Norsk mat skriv han og om, og har sine eigne vriar på kjende klassikarar. Boka er lagt opp slik at oppskrifta står først, så eit lite stykke om råvarer og teknikkar, og så til slutt drikkeforslag og forslag til alternative råvarer.

Alt er lekkert men samtidig ujålete presentert. Pølser og burgerar får plass side om side med Den Store Skrytemiddagen. Det er noko som kan likne på notatlinjer på bildesidene, men eg ville aldri ha hjerte til å notere i denne fine boka.

Eg kunne ønske meg noko større kontrast i mellom tekst og bakgrunn for å gjere den meir lesbar, boka er for folk med gode auge. Men det er ein liten detalj, på same måte som at same aspargesbilde er brukt to plassar, til to ulike oppskrifter. Boka er ei fin gåve til dei litt over snittet matinteresserte. Eller til deg sjølv. Fordi du fortener det.

This entry was posted in: Bokmeldingar

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Høres ut som en fin bok 🙂 Problemet mitt når det gjelder sånt er at jeg har allerede nokså mange hyllemetre med kokebøker (og hagebøker…). Så dersom det er noe jeg lurer på når det gjelder mat, så søker jeg heretter på nettet heller enn å kjøpe enda en påkostet kokebok. De siste 8-10 kokebøkene som er kommet inn her i huset har vært presanger (og de er jeg glad for..) eller «kupp» på mammutsalg og desslike…

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s