Bokmeldingar
Comment 1

Kokebøker på Mammutsalget 2012

Det har etter kvart vorte ein tradisjon at eg presenterer matbøker som ein bør få med seg på årets Mammutsalg. Eg får mange kokebøker til gjennomlesing, og då er det greitt å formidle kva av dei som er verd å ta vare på, og kva ein bør la fare.

Vilt og velsmakende av Brith Bakken er ei fin bok viss du av og til får vilt i huset.

Den har mange gode oppskrifter med nye vriar på kjende tema, og fine bilde. Alt som kan haustast i naturen, både bær, sopp, fisk og vilt finn du oppskrifter på her.

Boka er ei nyutgjeving av ei gamal bok, så viss du syns tittelen høyrest kjend ut, så sjekk i hylla før du handlar. Har du den ikkje frå før, så er denne boka vel verd pengane.

Stor kokebok for større og mindre husholdninger av Henriette Schønberg Erken er verkeleg den store Schønberg Erken-boka. 920 sider, ikkje noko knussel her. Bestiller du denne i posten heim bør du ta bil, for ho er tung.

Men det er ei fantastisk bok, eit stort stykke kulturhistorie, og eit levande døme på at maten som vart servert på byrjinga av det forrige århundret slett ikkje var kjedeleg og trist. Dette er eit praktverk som du bør unne deg viss du brenn for mat og matkultur.

Fôr – mat uten mor av Jørgen O. Grann er ei artig bok, med ungdommar som skal starte for seg sjølv som hovudmålgruppe.

Bokmeldinga mi bygger på det eg hugsar, for denne boka vart gitt bort til ein tenåring som fylte år i vennekrinsen. Han likte boka veldig godt, og det er vel ein god attest?

Boka inneheld iallfall gode basisoppskrifter og praktiske tips for nybyrjarar på kjøkkenet.

Vi inviterer – kunsten å lage fest for mange av Wenche Andersen og Jørn Lie er ei kjempefin og praktisk bok for oss som av og til har ein tendens til å invitere mange til bords utan å heilt ha tenkt igjennom kva vi har gjort.

Boka inneheld masse flotte menyforslag, tilbehør og oppskrifter som er tilpassa situasjonar der ein skal servere mat til mange.

Praktiske tips for gjennomføring av slike arrangement får du også. Ei tvers igjennom smart bok å ha i hylla.

Godt å gi bort av Ann-Kristin Møsth Wang, Jim Hensley, Nina Dreyer Hensley og Guro Usterud er ein av mine favorittar på kjøkkenet. Denne boka er full av gode idéar til ting ein kan lage sjølv og gi i gåve. Folk har husa sine fulle av ting, så utruleg mykje meir sympatisk det er å gi bort noko som ein faktisk kan spise opp!

Oppskriftene er gruppert etter sesong, det er eit smart trekk. Råvarene er basert på sesongane, og mange av dei kan ein dyrke i sin eigen hage eller kjøpe for ein ikkje altfor dyr penge. Og ein må slett ikkje gi bort alt ein lagar frå denne boka, både det danske rugbrødet og havrekjeksa har fått bein å gå på her i huset.

God mammut-utflukt på mandag!

This entry was posted in: Bokmeldingar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply