Fest, Fredag, Mat, Middag, Supper, Veggis
Comments 2

Halloween

Ja, eg veit det er neste helg, men no får du oppskriftene, så kan du planlegge det heile, ikkje sant?

Elleveåringen min har bestilt halloweenfest av mora si neste helg. Det inneber graskarsuppe, edderkoppmuffins, huset fullt av ungar i skumle antrekk og draculablod på badet.

Halloween er ei høgtid som har fått ny form i moderne tid. Opprinneleg var halloween ei feiring av katolske martyrar og helgenar. Helgensmess eller allehelgensdag er den første søndagen i november. Allehelgensaftan eller halloween er altså kvelden før allehelgensdag. Mange blandar saman helgensmess og mikkelsmess, eller hausttakkefesten. Hausttakkefesten er 29. september, og då feirar ein grøda som er i ferd med å kome i hus.

gresskar kopiDet faste elementet i halloweenfeiringa slik vi kjenner det i dag er ”knask eller knep”. Ungane går frå dør til dør, og tigg godteri. Får dei det ikkje finn dei på ein rampestrek. Så det gjeld å ha godteriet klar. Det er også fint å sette opp nokre lykter slik at det er lett å finne vegen til dei som er positivt innstilt til denne nye skikken. For dei små ungane er det stor stas å gå rundt saman med store søsken eller venner i mørkna.

Hos oss samlar altså klasse 6A seg, og eg serverer graskarsuppe med godt brød til. Eg har også servert linsesuppe, det viktigaste er at den er gul og fin på farge (og at det ikkje er klumpar i den, goes without saying). Eg brukar eit stort, oransje graskar, og byrjar med å skjere toppen av. Mønster til graskarutskjering finn du på internett, eit søk på pumpkin carving ga meg mange gode idéar.

Det er praktisk å skave ut or graskaret så mykje som mogeleg av fruktkjøtet før du byrjar å skjere mønster. Det er lettare å skjere mønster når graskaret ikkje er så tjukt. Eg brukte ein liten, tynn kniv med fleksibelt blad, og avslutta med melonkulejernet.

Skjer av toppen, slik at du får ei god opning å jobbe i. Skjer først ned i frukta for å få ut frømassen. Frøa i graskaret sit inne i eit nett av hinner og trådar, og alt dette må ut. Skav ut så mykje som du får til av fruktkjøtet, og legg det for seg sjølv. Eg hadde eit graskar på ca. 4 kg, og ut av det fekk eg ca. 1,5 kilo fruktkjøt til suppa.

Skjer ut det mønsteret du vil ha på graskaret. Pass på at du berre skjer igjennom der du vil skjere igjennom. Når du set lys i graskaret viser det dersom du har vore nær å kunne igjennom skinnet der du ikkje ville kutte igjennom.

suppe kopiGraskarsuppe

Ca. 1,5 kg graskarkjøt

To løkar

4 fedd kvitløk

1 ss tomatpuré

2 ts gurkemeie

1 ts paprika

Smør eller olje

1,5 liter vatn

Buljong

Saft og skal av ein appelsin

Fire-fem salvieblad

Riven muskat

Salt, peppar og sukker

Finhakk løken og kvitløken. Fres den i smør eller olje i ei vid gryte. Ha i tomatpuré, paprika og gurkemeie. Grovhakk graskarkjøtet. Fres nokre minutt før du har i graskarbitane. Slå på vatn og det du måtte ha og like av buljong samt riven muskatnøtt. Hakk salvieblada, og ha dei i.

kok kopiVask appelsinen godt, og riv av det ytterste gule av appelsinskalet. Det kvite skal ikkje med, det smakar bittert. Press appelsinen. Ha appelsinsafta og ca. ei spiseskei av det rivne skalet i suppa.

La suppa koke i 20 minutt. Køyr den glatt med stavmiksar før du smakar den til med salt, peppar og ei klype sukker. Server med godt brød og smør til.

This entry was posted in: Fest, Fredag, Mat, Middag, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Pingback: Halloween! « Alt godt

Leave a Reply