Det er veldig viktig at all mat på ein halloweenfest er litt skummel. Vi har prøvd ut forskjellige variantar, og ting med blod er populært. Safta er sjølvsagt raud, og vi prøvde ein gong med blodig smør. Det funka berre sånn passe, det vart meir prinsesserosa enn blodfarga. Men skumle muffins fekk eg til, og på festen skal det til og med sitte ein edderkopp i kvart nett. Slik gjorde eg det:
Edderkoppmuffins
2 egg
3 dl sukker
3 dl mjølk
440 g mjøl
2 ss kakao
3 ts bakepulver
200 g smelta smør
100 g hakka sjokolade, mørk til vaksne, lys til barn
Sett steikeomnen på 225 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smøret. Slå mjølka i smøret, slik at det kolnar. Du kan også bruke flytande bremykt, for eksempel. Sikt saman mjøl, bakepulver og kakao. Vend det inn i eggedosisen vekselvis med den hakka sjokoladen, mjølka og smøret.
Ha røra i muffinsformer med skei, denne oppskrifta gir atten store muffins. Steik muffinsa i 10-15 minutt til dei har heva seg og er gjennomsteikte. Sjekk med ein spagettipinne om dei er ferdige. Når du stikk spagettipinnen inn i muffinsen skal det ikkje sitte røre att på den når du dreg den ut.
La muffinsane kolne på rist før du har glasur på. Lag glasur med 2 dl melis, 1 ss kakao og 3-4 ss smelta smør eller mjølk. Ha i væta litt og litt til glasuren blir passe tjukk. Brei den på muffinsane.
Lag litt kvit glasur ved å blande melis og vatn. Ta den kvite glasuren på ei teskei, og ringle den rundt og rundt på muffinsen. Dra den kvite glasuren i striper med ein tannpirkar opp mot midten, slik at det ser ut som eit edderkoppnett.
Desse kan du lage i god tid før festen, men ha glasur på den dagen du skal servere dei.