Fest, Mat, Middag, Sausar og dippar
Comment 1

Mysterier

Når eg skriv om mat samlar eg inspirasjon herfrå og derfrå, og dermed endar eg opp med masse oppskrifter som eg ikkje heilt veit opphavet til. Har eg funne på dette sjølv? I tilfelle ikkje, kvar kjem den frå? Når den ikkje er eit utklipp, er den som originalen, eller har eg endra på den? Forvirringa er komplett.

Her er ei slik, det står ikkje ein gong på kva det er. Men all sunn fornuft tilseier at det er ein laksepai som ikkje skal steikast. Eg kan ikkje huske å ha lagd den, og gjorde eg det tok eg ikkje bilde, så her er det rein tekst som gjeld. Meld frå om du lagar den før meg, og er fornøgd. Eller misfornøgd. Finn du ut kvar den stammar frå, så gjer vel å seie ifrå, så skal eg be om samtykke og kreditere.

Laksepai

300 g kavring eller knekkebrød

75 g smør

2 pakkar Philadelphiaost

2 dl lettrømme

250 g røykalaks

2 små, gule løkar eller ein stor

3-4 ss finklipt grasløk eller dill

Salt, peppar og sitronsaft

150 g raud kaviar, dei i glas

Sitronskiver til pynt

Smelt smøret. Køyr brødet glatt i ei matmølle. Vend saman smør og brødsmular. Trykk det ut i ringen til ei kakeform som du set på det fatet du vil servere paien på.

Skjer laksen i små bitar, og finhakk løken og urtene. Bland ost og rømme, og vend inn laksen, løken og urtene.

Smak til med salt, peppar og sitronsaft. Ha røra i forma, og brei den utover. Dekorer med kaviar/rogn, sitronskiver og meir urter.

Server med ruccolasaus.

Ruccolasaus

2 dl tyrkisk yoghurt

50 g ruccola

Salt og nymalen peppar

Finhakk ruccolaen, og bland den i yoghurten. Smak til med salt og peppar.

Denne må eg prøve ein dag.

This entry was posted in: Fest, Mat, Middag, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Pingback: Mysterier « hildeG og hagen

Leave a Reply