Månad: oktober 2009

Vi kunne bodd i denne byen


I Köpenhamn Vandrar jag lättare och lugn Sågar av grenen som jag fastnat på Röker upp tystnaden Och blåser ut Sverige I Köpenhamn Det finns ställen där jag aldrig har varit Som sprider sin utsikt I mitt huvud Jag fattar om det verkar lite märkligt Överallt, av och till Hör jag klanger från dig Och hösten Det du gjorde med mig Det var stort Det du gav mig Jag önskar att du kunde se mig nu Men tack Ta hand om dig I Köpenhamn Om nån vill gå en gata med mig Utanför fönstren till dom vi inte känner Höra hjärtan som önskar Bedra och bedragas En sak vet jag Jag vaknade imorse av ett dån Köpenhamn stod och bankade på dörren Och vilsenheten skrämmer inte längre Överallt, av och till Den höga farten som rann Mellan husen Det du gjorde med mig… Det var stort Det du gav mig Dina ögon var ett fritt fall varje gång Tack Ta hand om dig

Det er eit slit…


Dagane etter at eg kom heim frå Paris har mellom andre ting gått med til å foreta ei komparativ studie av makronane til Ladurée og Pierre Hermé, begge innkjøpt i Paris og høgtideleg frakta heim til Norge. Dei to makronleverandørane, som begge er berømte i Paris, med lange køar utanfor butikkane, er svært forskjellige. Ladurée er ei tradisjonsrik konditorbedrift, som har levert makronar til den parisiske overklassa sidan 1862. Dei held seg til klassiske smakar, og det imponerande utvalet består av variantar som sjokolade, salt karamell, fiol, kaffe, rose, pistasj, bringebær, lakris, bergamot og mange fleire. Pierre Hermé er ein relativt ung konditor, han jobba i delikatessehimmelen Fauchon, for han byrja for seg sjølv, først med eit konditori i Japan i 1998. I 2001 opna han det første utsalget sitt i Paris, i Rue Bonaparte i St. Germain des prés. Han er altså definitivt den rocka av dei to leverandørane eg har valt. Med smakar som vanilje og olivenolje, matcha-te og rista sesamfrø, wasabi og grapefrukt og mynte og rømme står han i ein annan …

I’m in love!


Eg skreiv om Printemps og La Fayette, og kva dei hadde av dufter, men det var før eg hadde vore på Le Bon Marché. Le Bon Marché ligg på Rive Gauche, venstresida, som eigentleg er nedsida, nedanfor Notre Dame og Seinen. St. Germain er bydelen, Le Bon Marché er rekna som verdas første kjøpesenter, Emile Zola sin roman Damenes paradis foregår i denne butikken. Den har blitt kjøpt og selt mange gongar, men det gjer ingenting. Når det gjeld fashion inneheld den Chanel, Vivienne Westwood, Comme Des Garcons og andre grisedyre merke. Men når det gjeld parfyme har den ALT. Miller Harris, Serge Lutens, Byredo, Isabey, Annick Goutal, Kilian, Aqua di Parma, Diptyque, Hermès, L’Artisan, Delrae pluss  alle dei vanlege. Og midt inni der, i undertøysavdelinga, ligg det ei nydeleg lita Caron-avdeling. Ein lekker toalettkommode, der du kan sette deg ned og prøve alt dei har å by på av Caron-dufter. Det einaste usjarmerande ved heile butikken var eit strengt praktisert fotoforbod. Men der har eg blitt ganske rutinert, eg held kameraet klart, ryggen til …

Ein fin fredag kveld


Denne coleusen kjøpte eg med meg frå Geimyradagen tidlegare i haust, men no heng den med nebbet på trappa. Hufsa har vore her, altså minusgradene. Det er skikkeleg kaldt om morgonane, sykkelhanskane har kome til nytte, og eg må puste gjennom skjerfet i oppoverbakkane for ikkje å få den kalde lufta rett ned i lungene når eg syklar. Likevel er eg glad i hausten. Vakre fargar, friske, klare dagar og varm heimehygge om kvelden er sider ved hausten som eg set pris på. I morgon skal vi i fjortenårsdag til fadderbarnet mitt, han ønskar seg dvd-ar i gåve. Viss du har forslag til filmar som slike gutar likar, så skriv det gjerne i ein kommentar. Min tiåring har nokre forslag, men eg trur dei er opptekne av ganske ulike typar film. Så ynskjer eg alle som stikk innom ei fredeleg helg!

Ein himmelsk munnfull


Makronar, sånne med kokos? Slik spør dei over femogførti. Dei unge og trendy, dei veit at makronar er noko anna, mindre kjedeleg, meir fargerikt og komplekst. Det var Pascal Dupuy som tok med makronane til Norge, lekre, luftige mandelbakels med ein søt og fløyelsmjuk krem i midten. I hans seks serveringsstader i Oslo får du desse søte, små lekkerbiskenane til ein kopp sterk, fransk kaffe, eller til ein raus kopp te. Makronane har inga opp- eller nedside, og i Frankrike får du dei i alle fargar og smakar, frå lavendel og verbena til lakris og salt karamell. ”Ein av kvar”, sa han eg er gift med då vi var på eit makronbakeri i Quimper, og så smakte vi oss igjennom alle tilgjengelege variantar. Det er ingen kunst å lage makronar sjølv, men nokre knep kan det vere fint å kjenne til. Sjølve kakedelen er ein kombinasjon av marengs og mandel, og her må mandelen vere så finmalen som råd er. Eg brukte matmølla mi, men neste gong skal eg bruke den gode, gamaldagse mandelkverna eg …

Vennskap


-Her er ein liten film som illustrerer eit av dei meir berømte; Lennon/McCartney. Denne vakre songen skreiv Paul McCartney til albumet Tug of war, som kom i 1982. Eg hadde denne på kassett, og den vart flittig spelt og spola fram og tilbake. Songen er Paul McCartney si helsing til John Lennon. Tug of War var det første albumet han ga ut etter at John Lennon vart skoten i New York i 1980.

Paris er ein mann


Paris er mannen eg ikkje kan få. Han let meg få kome til seg, og eg tek meg til rette. Eg får krølle meg saman inntil han, men eg kjem aldri heilt nær. Vi forstår kvarandre ikkje, eg prøver å vere det eg føler eg må vere for å vere god nok, men eg strekk ikkje til. Han har så mange kvinner å velje blant, som snakkar hans språk, som er meir langbeinte, på høgare hælar, med langt hår fossande nedover ryggen. Når eg er hos han prøver eg å sjå ut som om eg er hans, men han ser meg ikkje. Eg er for praktisk, tenker for fornuftig. Han vil nok ha kvinnene sine meir elegante, meir atteletslause enn eg er. Den største lukka for meg er å bli spurt om vegen, når andre kvinner spør korleis ein finn fram. Det pustar eld i glørne som brenn i meg etter å vere hans. Men det er berre juks, eg latar som. Eg kan seie attandez, monsieur, si´l vous plait til mennene som spaserer i …

Å, hvordan skal dette gå….


Eg ristar på hovudet som Karius og Baktus, etter å ha vore igjennom sikkerheitskontrollane både på Gardermoen og Charles de Gaulle dei siste dagane. Korleis skal dei gå fram når dei skal byrje å leite etter desse bombene? På kvar enkelt passasjer? Eg berre spør, på vegne av vanvittig mange. Som alltid.

Tonkabønner – Dipteryx odorata


Eg har skrive om tonkabønner tidlegare , det er ein ingrediens som blir brukt i ein del parfymar som skal ha ei varm, rund duft som verken er vanilje eller sjokolade. Tonkabønnene veks i tropiske strøk. Dei er frø frå eit tre som kallast Dipteryx odorata som er av erteblomstfamilien. Den aromatiske lukta til dette frøet gjorde at det i mange år vart brukt som smakstilsetjing til tobakk og snus. Osmoz hadde med seg ein boks med tonkabønner på parfymemessa, og Elysium og eg var kjapt oppi med pølsefingrane våre, og fekk med oss nokre bønner. Eg har sett slike før, hos Specialkøbmanden, men då kjøpte eg ikkje, og det har eg angra på. Lukta minner meg aller mest om barndommens mandelkjernepudding som søndagsdessert. Mandel, vanilje, eit hint av tobakk og litt høy er assosiasjonane eg får. Utfordringa er at tonkabønner er forbode i mange land. I USA er det strenge bøter for å innføre tonkabønner ”privat”. Eg har sjekka Mattilsynet sine nettsider i dag, og ikkje funne noko om at det er forbode å …

Les Parfums


To my Norwegian readers: As you intelligent people already have noticed, this post is in English, I am ”reporting” to my international perfume friends and it is nice to give them the real thing, and not some rotten rewrite through google translate. Bear with me! The Les Parfums fair was supposed to have a public and professional part, but that was not the case. Anyone could register and get in. However, the exhibitors were very keen on knowing where we came from and what our connections to the perfume industry was, and I think it would have been kind of uncomfortable to be there only as a tourist. When I said that I sniffed for a shop in Oslo (which is true) and had a perfume blog, everything was fine. The fair was staged together with a fashion fair, as it is (was?) fashion week in Paris. No trouble, but not much to look at in the fashion section for Elysium and me. The first we found was the Swedish Neotantric brand, quite uninteresting. We …

Nyttige adresser i Paris


Elysium, som kommenterte i min forrige post, har laga ei fantastisk liste over alle dei beste og mest interessante parfymeadressene i Paris. Eg postar den her med hennes samtykke. Det kan vere nyttig for alle som planlegg parfymereiser til Paris. Eg legg inn nokre kommentarar der det er relevant. På Elysium si liste står også dei store magasina, Printemps og La Fayette. Printemps har Creed, Kilian, Diptyque og the Different Company, La Fayette har mellom anna  Amouage og Etat Libre d’Orange. Begge har Goutal, L’Artisan, Lutens, Molinard og «dei vanlege». Eg set i feit font dei som (etter mitt syn) bør stå øverst på lista dersom du må prioritere. Aépure, 35 Rue Guénégaud 75006 Paris Amin Kader, 2 Rue Guisarde 75006 Paris Annick Goutal, 14 Rue de Castiglione 75001 Paris – Har ein lite tid kan ein få med seg AG i magasina. Illums i København har litt AG, men slett ikkje alt. Caron, 34 Avenue Montaigne 75008 Paris France Chanel, 31, Rue Cambon 75001 Paris – er i magasina, men Les exlusifs (colognane) er berre i Chanel …

I Paris


Eg har jo vore innom nokre ungkarshyblar i mi tid, men ikkje trudde eg at eg skulle kome til ein i ”moden alder”. Men her er eg, midt på Montmartre, i det dei engelskspråklege kallar ein crashpad, altså eit husvære der ein berre er innom for å overnatte ein gong i mellom. Eg er fantastisk glad for å finne ein stad å bu midt i byen, la det vere sagt. Men eg må le over fasilitetane her. Her blir det ikkje laga mykje mat. Brødkniv finst ikkje, og han har eit og same grytelok til alle sine tre gryter! Kjøkenvifte manglar, så det er kanskje like greit at han ikkje kokkelerer så mykje. Men eg storkosar meg, med fransk ost og fikenmarmelade til frukost, og deilig te som eg drikk frå ungkarens store, raude Canada-kopp. Nokre nydelege Fourrés aux myrtilles har eg funne til, altså kjeks med blåbærmarmelade i midten. Eg gjekk ein tur til Sacre Coeur i går ettermiddag. Kven har sagt at Sacre Coeur alltid må fotograferast frå framsida? Eg syns den er …

Rullemat


No er vi inne i ein stim her i bloggen, der vi rullar mat inn i annan mat. I går fekk du norske vårrullar av Heidi, og i dag får du meksikanske tortillas av meg. Dette er kjempeenkel mat, særleg dersom du har ståande eit glas av min heimelaga tacomix. Den brukte eg for å få til denne fine laurdagsretten, som gjorde oss alle i godt humør. Som vanleg må eg kamuflere farlege ting, som bønner og løk. Eg mosar bønnene med ein gaffel, og hakkar løken veldig fint. Då glir det ned hos mine matsære barn. Slik gjorde eg det: Gratinerte tortillas Ein stor løk Tre fedd kvitløk Olje til steiking To tortillalefser per person 400 g kjøtdeig 1 boks raude bønner 1 boks hakka tomatar 2-3 ts heimelaga tacomix 1 dl vatn 1 ts spisskummen 200 g riven ost Sukker, salt og peppar Set omnen på 225 grader. Finhakk løken og kvitløken, og fres det i ei vid gryte på ganske høg varme. Skyv løken til side, og ha i kjøtdeigen. Steik kjøtdeigen …

God fredag!


Når du les dette er eg vonaleg trygt på plass i Paris, i mitt lånte husvere på Montmartre. Helga skal brukast til parfymesniffing og ikkje minst sniffe inn heile Paris, med alle fargar, kulturar og folk. Deilig! Ha ei god helg, og send meg ein tanke. 🙂

Kålhovud, den perfekte grønsaka


I dag hyller Heidi hovudkålen, og den er eg og veldig glad i. Billig, spesielt no i fårikåltida, den held seg lenge, og den kan brukast til masse forskjellig. Ei perfekt grønsak, altså! Gunda Å kalle kvarandre for kålhovud er ikkje direkte pent. Eit av mine aller første møte med ordet var då ein medelev i klassa kalla læraren vår for kålhovud. Læraren blei mildt sagt ikkje blid, men kva han gjorde med eleven egnar seg vel ikkje på trykk. Etterkvart har eg forstått for ei fantastisk grønsak dette er. Å bruke ein ostehøvel for å snitte opp kålen gir lange tynne strimlar som passer perfekt i salaten. Strimlane vert fine og sprø, og gir akkurat passe tyggemotstand. Har du nokon gong prøvd å blande snitta kål og hermetisk mais? Det gir ei god smaksoppleving, og med ein klatt youghurt naturell ved sidan av kan det serverast til all slags mat. Ein av favorittane mine er likevel steikt kål. Du veit kva eg snakkar om når eg seier kålrulettar. Det er ein gløymd middagsrett som mor …

Armani: Idole


Av og til tenker eg at det kan vere meir på sin plass med ei åtvaring enn ein anmeldelse, og dette er ein slik artikkel. Sjølvsagt, elskar du denne med ein gong, og føler at det er som å kome heim å få denne dufta på kroppen, så er det flott. På meg er dette ein scrubber. Eg har den på medan eg skriv dette, men eg skriv litt fortare enn vanleg, fordi eg vil på badet og vaske den av. Idole er lagd av parfymøren Bruno Jovanovic, som har laga dufter for Porsche, Calvin Klein (IN2U for him) og Jil Sander (Jil). Ei lang rekke notar er lista opp, som bitter appelsin, pære, ingefær, rose og jasmin saman med krydder og patsjuli og vetiver. Som alle dufter eg mislikar har den lang levetid på huda og stor «sillage», altså spreiing rundt deg når du har den på. Idole byrjar fruktig, eller skal vi seie godteri. Opninga minner meg om nokre sure fruktkuler som ungane mine kjøper i kiosken. Så går den over i noko …

Og så over til noko heilt anna


Heidi har vore på matkurs, og lært om tysk mat av ei som heiter Anne Lore Larsen. Der har ho blitt inspirert til å lage heilt andre typar mat enn det ho lagar til kvardags. Vi har mange ingrediensar felles med det tyske kjøkenet, men vi handterer dei ofte på forskjellig vis. Alt godt I dag lagar vi kokt oksekjøt med suppe og salat til. Vi lagar nudelsuppe av buljongen vi får når vi kokar kjøtet. Suppa er forretten, og litt av buljongen brukar vi til sausen. Så lagar vi nokre salatar og ein pepparrotsaus som er heilt nydeleg til kjøt. Vi i er enige med Anne Lore at kokt mat bør få ein renessanse, betre mat finst knappast. – Og så kan ein gjere andre ting medan maten kokar som å lære ungane  å synge. Om resultatet blir like bra som rundt grytene til Anna Lore lovar eg ikkje,  men at maten hennar ”schmeckt gut” er klart. Tafelspitz/kokt oksekjøt 2 kg oksekjøt, bruk beinfri bog eller høgrygg. Kok kjøtet i så heile stykke som …