Noko søtt, Reise
Comments 3

Det er eit slit…

Dagane etter at eg kom heim frå Paris har mellom andre ting gått med til å foreta ei komparativ studie av makronane til Ladurée og Pierre Hermé, begge innkjøpt i Paris og høgtideleg frakta heim til Norge.

IMG_1456Dei to makronleverandørane, som begge er berømte i Paris, med lange køar utanfor butikkane, er svært forskjellige. Ladurée er ei tradisjonsrik konditorbedrift, som har levert makronar til den parisiske overklassa sidan 1862. Dei held seg til klassiske smakar, og det imponerande utvalet består av variantar som sjokolade, salt karamell, fiol, kaffe, rose, pistasj, bringebær, lakris, bergamot og mange fleire.

Pierre Hermé er ein relativt ung konditor, han jobba i delikatessehimmelen Fauchon, for han byrja for seg sjølv, først med eit konditori i Japan i 1998. I 2001 opna han det første utsalget sitt i Paris, i Rue Bonaparte i St. Germain des prés. Han er altså definitivt den rocka av dei to leverandørane eg har valt. Med smakar som vanilje og olivenolje, matcha-te og rista sesamfrø, wasabi og grapefrukt og mynte og rømme står han i ein annan tradisjon enn Ladurée.

Kva viser så analysen? Kvaliteten er langt på veg den same. Makronane er deilig sprø på utsida, og mjuke og inviterande på innsida. Eit passe tjukt parfymert kremlag er det hos begge. Så kjem eg til innrømmelsen. Fleire av Hermé sine smakar er for spesielle for meg. Matcha-te og sesamfrø gjorde meg kvalm, det same gjorde olivenoljevarianten. Den siste ga begrepet smør på flesk ei ny betydning. Jasminvarianten var berre rar.

Eg må tilstå at Ladurée sine tradisjonelle, klassiske smakar falt best i smak hos meg. Det er mogeleg at mine smaksløkar berre ikkje er modne for nyskapande makronkunst. Det er mogeleg at eg er ein tradisjonalist, som heller vil ha ein makron som smakar vanilje rett igjennom enn å støte på emulgert olivenolje i midten. Du får ta deg ein tur og finne ut av dette sjølv.

Men eg åtvarar; køane utanfor Ladurée er komisk lange og kaotiske. Når du først har komt fram til døra, så sving like gjerne inn til høgre, og set deg ned i konditoriet. Der kan du spise noko godt, og bestille frå butikken det du vil ha med deg á emporter, altså ut av huset. God tur til Paris!

This entry was posted in: Noko søtt, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Jeg synes at både Ladurée og Pierre Hermé lager utmerkede makroner. Pierre Hermé er mer eksperimentell. Noe kan nok bli litt sært, men det er også mye godt og spennende. Og han har også mer tradisjonelle smaker. Jeg husker hans kaffemakroner som svært gode. De smakte ikke bare kaffe, de smakte god kaffe.

    Den som ikke er i Paris kan få utmerkede makroner hos Pascal og hos Sverre Sætre i Oslo.

  2. Åh, milde himmel. Men du fru Alt Godt, kan du svare meg på et viktig spørsmål: hvor lenge holder egentlig slike makroner seg? Siden de selges som ferskvare, har jeg alltid vært litt skeptisk til å kjøpe mer enn det jeg har planer om å fortære i løpet av en dag eller to (og det er jo som regel ikke lite i seg selv). Men de er kanskje litt mer holdbare enn som så?

  3. Elysium says

    Alla gånger jag har gått förbi Ladurée har det varit jättekö! T.o.m. disken inne i Printemps. Jag får nog ta och ställa mig i den kön någon dag.

Leave a Reply