Fest, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 3

Ein himmelsk munnfull

Makronar, sånne med kokos? Slik spør dei over femogførti.

IMG_0821Dei unge og trendy, dei veit at makronar er noko anna, mindre kjedeleg, meir fargerikt og komplekst.

Det var Pascal Dupuy som tok med makronane til Norge, lekre, luftige mandelbakels med ein søt og fløyelsmjuk krem i midten. I hans seks serveringsstader i Oslo får du desse søte, små lekkerbiskenane til ein kopp sterk, fransk kaffe, eller til ein raus kopp te.

IMG_8729Makronane har inga opp- eller nedside, og i Frankrike får du dei i alle fargar og smakar, frå lavendel og verbena til lakris og salt karamell. ”Ein av kvar”, sa han eg er gift med då vi var på eit makronbakeri i Quimper, og så smakte vi oss igjennom alle tilgjengelege variantar.

Det er ingen kunst å lage makronar sjølv, men nokre knep kan det vere fint å kjenne til. Sjølve kakedelen er ein kombinasjon av marengs og mandel, og her må mandelen vere så finmalen som råd er.

IMG_0799 kopiEg brukte matmølla mi, men neste gong skal eg bruke den gode, gamaldagse mandelkverna eg har arva einkvan plass ifrå.

Massen vart i grovaste laget når mandlane var hakka med kniv, same kor fort det gjekk.

Mandlane må skoldast, og viss du skal lage grønne makronar kan du bruke pistasjnøtter. Det er litt plukk å få dei reine for hinner, rist dei i tørr, glovarm steikepanne før du gnir belegget på utsida av med ein kopphandduk. Du kan bruke hasselnøtter og, då nyttar det ikkje med andre smakstilsetjingar, hasselnøttsmaken trenger igjennom alt. Valnøtter fungerer dårleg, dei er så feittete og blir veldig fort harske.

IMG_0810I og med at makronane er lagd på marengsmasse, altså eggekviter og melis, bles dei seg lett opp. Men ideelle marengsar skal vere luftige, men ikkje som ei boble. Difor er dette eitt av dei tilfella der det lønner seg å arbeide litt med marengsmassen etter at mandlane og fargen er teken i, slik at noko av lufta går ut av massen. Bles dei seg for mykje opp blir dei berre eit tomt skal, og nederdelen som ligg ned mot bakebrettet sit fast på bakepapiret. Sit nederdelen fast, vert toppen veldig skjør, og knuser før du rekk å seie makron.

IMG_0806 kopiMarengstoppane kan du farge med konditorfarge til den fargen du vil ha. Eg såg for meg ein halloweenaktig graskargul, men endre vel heller opp med ein karamellfarga variant. Det passa veldig godt, sidan eg hadde smørkrem med lønnesirup. Fargen fekk eg til ved hjelp av gul konditorfarge og sukkerkulør. Den hadde nok blitt meir oransje viss eg hadde hatt i litt raudt. Ein grøn og ein rosa variant fekk eg og til, den grøne kunne nok fått meir farge. Her er det fritt fram for å eksperimentere og ha det gøy med bakinga.

Fyllet er som hovudregel smørkrem, eit tynt lag som gjerne er smaksett med noko godt. Du kan lage smørkrem med nokre dropar rom, med lønnesirup, det gir ein deilig karamellsmak, eller med vanilje. Eg lagde ein ny vri, med snøfrisk og bringebær. Det vart fantastisk godt etter min smak, i syrlegaste laget sa dei eg bur saman med. Men likar du friske smakar er det verd å prøve. Oppskrifta du får i dag gjev ca. 35-40 små makronar. Slik gjorde eg det:

IMG_0805Franske makronar

4 store eggekviter

300 g melis

150 g finmalte mandlar

Fyll:

175 g smør

150 g melis

Smakstilsetjingar og farge

Ostekrem:

50 g snøfrisk

3 ss bringebærsyltetøy

litt melis til å justere søtsmaken

Skåld mandlane ved å legge dei eit minutt i kokande vatn. Fjerne skalet ved å smutte dei mellom fingrane ned i eit kjøkenhandkle. Dette kan du gjere i god tid. La mandlane tørke, og mal dei heilt fint i mandelkvern eller matmølle.

Set omnen på 175 grader. Skil egga, og pisk eggekvitene stive. Ha i melisen litt etter litt til massen er blank og skinande. Vend mandelmjølet inn i marengsmassen, og arbeid det godt saman. Dersom du vil lage ulike variantar kan du dele massen no i så mange skåler som du vil ha fargevariantar.

Farg massen med det du har for handa. ”Masser” massen godt med ein slikkepott. Legg ein klatt på eit bakepapir, og lag ein tydeleg topp på. Marengsmassen er passe når toppen sig ned medan du tel til ti. Viss den brukar lengre tid på å sige i hop må du elte den lenger.

Ha massen over i ein sprutepose, og sprøyt ut femkronestore ”puter” på eit bakepapir. Dei kan stå relativt tett, men ikkje heilt inntil kvarandre, dei esar litt uansett kor mykje massen har blitt massert. Når du har kome så langt kan du godt la makronane stå litt, slik at dei får litt hinne. Ein times tid kan dei gjerne stå og kvile. Steik makronane med ei sleiv i døra i 18-20 minutt. Dei siste fem minutta må du følge godt med. Ha gjerne plata høgt i omnen, slik at dei ikkje vert brent på undersida.

Fukt eit handkle, og legg det på benken. Dra bakepapiret med makronane på forsiktig over på dette rett etter at det kjem ut av omnen. Dette gjer at makronane lettare løsnar av papiret. La dei kolne på rist. Så langt kan du lage makronane klare nokre dagar før du skal servere dei. Oppbevar dei i tett boks.

Fyll makronane med smørkrem eller ostekrem. Til smørkremen rører du saman mjukt smør og melis, og har i farge og/eller smakstilsetjingar. Husk at det må vere smakstilsetjingar som aksepterer å bli blanda med smør. Våte ting går ikkje så bra. Smør kremen på ei av sidene, og legg ei anna inntil. Lag ostekrem ved å røre saman snøfrisk og syltetøy. Er syltetøyet slik min faste leverandør leverer det, altså ikkje så søtt, kan litt melis blanda i kremen vere ein fordel. Smak til.

Makronane er perfekte til te, på eit treetasjes fat servert med fine, små serviettar.

This entry was posted in: Fest, Mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Kanskje det er slike makronar Nora i “Et dukkehjem” går rundt og smuget?

  2. Hei – det var jo slike makroner som ble virkelig eksponert i Sofia Coppolas “Marie Antoinette”, makroner, Bhlanik-skoene og deeee kjolene, Weeee.
    Takk for lekre bilder og oppskrift! Livmålet tilsier ikke inntak av makroner på denne siden av 2010. 😀

Leave a Reply