Billig mat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 7

Urtesteikt laks

Eg og mange med meg lagar vårt eige urtesalt. Det kan brukast på mange måtar, og i dag brukte eg det til å panere nokre fine laksestykke i. Du kan framleis lage urtesalt viss ikkje kuldegradene har herja altfor gale, hos meg står både salvie, løpstikke, timian og persille fine og klare til å bli til heimelaga urtesalt.

IMG_1586Å krydre mjølet er ein fin måte å gje smak til panert fisk på. Eg var raus med urtesaltet i dag, to spiseskeier til fire-fem spiseskeier kveitemjøl.

Panering skjer i tre steg. Først skal det du panerer vendast i krydra mjøl. Så kjem turen innom eit bad av samanpiska egg, før siste runde med griljermjøl gjer stykka klare for steikepanna. Denne teknikken kan du bruke både på kjøt (snitslar eller tynt skorne svinekotelettar) og fisk av alle slag.

I steikepanna brukar eg halvparten soya- eller maisolje og margarin. Smør vert fort brent, så det egnar seg ikkje så godt til denne bruken, der steikinga skjer på høg varme. Steik fiskestykka i to minutt på kvar side, og la dei ligge lunt medan du dekker bordet.

Eg serverte laksen med kokte poteter og tsatsiki. Her burde det vore noko meir grønt, men det er ein heil agurk i tsatsikien, så det får halde for i dag. Eg lagde den med lett creme fraiche, men den originale utgåva er med matyoghurt. Slik gjorde eg det:

IMG_1590Tsatsiki

1 beger lett creme fraiche eller matyoghurt

1 agurk

1 ts salt

to klyper svart peppar

1 fedd kvitløk utan det grøne

1 ts dill

Riv agurken på ei fjøl, og la den renne av. Eg brukar legge den i kraftig kjøkkenpapir, og klemme væta ut av den. Knus eller finhakk kvitløken. Bland saman yoghurt, kvitløk og riven agurk, og smak til med dill, salt og peppar. La tsatsikien stå og trekke litt før du smakar til på nytt.

Forøvrig er dette ein klassisk kvardagsmiddagmetode, Sett potetene på kok først, lag tsatsikien, bland tallerkeninnhaldet og paner og steik fisken. Velbekomme!

7 Comments

  1. Vi brukte matyogurt på skulen. Elles hadde vi riven agurk i eit dørslag og hadde grovt salt på agurken. Veit ikkje om det er noko poeng. Uansett fall det i smak hos 9. klassingane. Vi hadde omnsbakt aure og bakt potet. Kongeleg, var ein kommentar. Di oppskrift er rask og god!

  2. Jeg er ikke veldig glad i fisk, men truer i meg laks/ørret minst en gang i uken nå .. Kanskje litt urter ville gjort susen. Har du prød gresk og tyrkisk yoghurt i Tsatsiki? Den er veldig tykk og god 🙂 Kjøper den bl.a på Coop og Meny, men du har sikkert prøvd den.

  3. Bipbap: Den er kjempefin, men dei kjem i så store bøtter. Det blir aldri til at eg brukt opp alt. Eg kjøper dei store bøttene viss eg skal servere til mange.

  4. Jo, de er store, men er i to størrelser da. Det er 500 gram i den minste. Vi liker gresk mat her i huset, så de går med 😀

  5. Elisabeth says

    Denne skal testens! Men hva er ‘griljermjøl’? Samme som den mel-og-urtesalt-blandinga innledningsvis?

  6. Elisabeth says

    Apropos agurg forresten; i Serbia serverer de saltet agurk som forrett på restauranter om man vil. Agurken er skrella og skåret i skiver på langs, deretter lagt på asjett og dryssa salt over – helt enkelt. Veldig poppis hos mine lokale venner, litt mer tilvenningskrevende for en nordboer som meg…

  7. Elisabeth: Griljermjøl er dei raude pakkane i kolonialen, det er ein eller annan flatbrødfabrikant som lagar dei. (Go figure…)
    Dei same agurkane fekk vi i Nepal! Med eit raust glas heimebrent…

Leave a Reply