Har du restar etter alle festdagane i mai?
Av ein eller annan grunn handlar eg inn meir enn vi treng. Plutseleg kjem det uventa gjestar, vi må ha litt ekstra, tenker eg. Det endar med at kjøleskapet bular.
No har eg alt for mykje røykalaks. Det er jo så godt, men det er grenser for kor mykje ein familie kan spise. Nesten ei heil lakseside låg att då dei siste gjestane hadde dratt. Kva kan ein bruke den til? Eg klødde meg i hovudet, men konklusjonen låg rett framfor nasa mi: Den kan brukast i pastasaus!
Ikkje minst er kaldrøykt laks veldig god til den klassiske italienske potetballen, eller gnocchi, som italienarane sjølve insisterer på å kalle den. Skilnaden frå den norske ballen er at den italienske er laga med berre kokte poteter, og med finmjøl i staden for byggmjøl.
Sjølv om det er litt arbeid å lage gnocchi så er den så kjapp å koke at eg tilgjev alt. Nokre få minutt i gryta, så er den klar. Lag gnocchi med «gamlepoteter». Dei har mykje tørrstoff, og bitt saman desse potetdingsane på ein god måte. Nypoteter har for mykje væte i seg, og vert seige og rare. Eg brukte det tradisjonelle italienske mjølet, tipo fino. Det har ei mykje finare utmalingsgrad enn det norske. Det gjev mindre fiber, men ei fantastisk evne til å bitte væte, som i gnocchideig, i fersk pasta eller i bakverk.
Den andre resten eg fann i kjøleskapet var ein pakke fløte som var utgått på dato. Eg smakte på den, og den var like god. Best før, men ikkje dårleg etter, står det på desse pakkane, og det støttar eg fullt ut. Ingen grunn til å slå i vasken kremfløte som smakar slik den skal. Bruk den heller i sausen.
Gnocchi
1 kg gamlepoteter, eg fann beate
220 g mjøl, gjerne tipo fino
1 ss salt
1 egg
Kok potetene, og la dei kolne. Skrell dei og press dei gjennom ei potetpresse eller mos dei med ein potetmosar. Bland saman mjøl, potetmos, egg og salt til ein jamn deig.
Trill deigen ut i lange pølser, tjukke som ein dametommel. Kutt gnocchiane ein centimeter breie, og trykk dei litt med ein gaffel dyppa i mjøl. Kok dei i godt salta vatn i 2-3 minutt til dei flyt opp. Fisk dei opp med ein fiskespade, og legg dei på eit vidt fat.
Pastasaus med røykalaks og fløte
To sjalottløkar
Fire vårløk
Smør til steiking
2 dl kvitvin
2 dl kremfløte
1-2 ts grønsaksfond eller ein buljongterning
2 ts sennep
1 ts honning
300 g strimla røykalaks
Salt og peppar
Finhakk sjalottløkane, og det lyse på vårløkane. Ha det i ei steikepanne som du har smelta ei skei smør i. Fres løken til den er blank og gjennomsiktig. Slå på vin, og la det koke inn litt. Slå på fløten, og ha i fond eller ein smuldra buljongterning. Rør godt, og ha i sennep og honning. Har du ein søt sennep, som t.d. Bergebys, kan du droppe honningen, smak deg fram. Rør inn laksen til slutt, og smak om det trengst meir salt og peppar.
Hell pastasausen over dei nykokte gnocchiane, dryss over finsnitta vårløk (det grøne), og server med ein frisk salat og godt brød til. Sausen kan sjølvsagt også brukast til andre sortar pasta.