Gnocchi med røykt laks
Har du restar etter alle festdagane i mai? Av ein eller annan grunn handlar eg inn meir enn vi treng. Plutseleg kjem det uventa gjestar, vi må ha litt ekstra, tenker eg. Det endar med at kjøleskapet bular. No har eg alt for mykje røykalaks. Det er jo så godt, men det er grenser for kor mykje ein familie kan spise. Nesten ei heil lakseside låg att då dei siste gjestane hadde dratt. Kva kan ein bruke den til? Eg klødde meg i hovudet, men konklusjonen låg rett framfor nasa mi: Den kan brukast i pastasaus! Ikkje minst er kaldrøykt laks veldig god til den klassiske italienske potetballen, eller gnocchi, som italienarane sjølve insisterer på å kalle den. Skilnaden frå den norske ballen er at den italienske er laga med berre kokte poteter, og med finmjøl i staden for byggmjøl. Sjølv om det er litt arbeid å lage gnocchi så er den så kjapp å koke at eg tilgjev alt. Nokre få minutt i gryta, så er den klar. Lag gnocchi med «gamlepoteter». Dei har …
