Ferie, Reise
Comments 3

Roma sett ovanfrå


Når ein er i ein ny by er det alltid fint å kome seg opp i høgda. Roma er forsåvidt ikkje heilt ny for meg, men sist eg var her var i 1988. Dermed er eg ikkje heilt oppdatert som guide.

Vi tok banen til Barberini, derfrå er det ikkje så langt å gå til Fontana di Trevi, ein av «må»-plassane i Roma. Denne fantastiske veggen som Bernini utforma i marmor er alltid like imponerande å sjå, og sjølv om vi var der på ein mandag i november rundt lunchtider så var der stuvande fullt av folk. Men fontena er like imponerande som den gongen Anita Ekberg bada i den, trass i masse folk.

Frå Fontana di Trevi er det ikkje så langt å gå til Spansketrappene, eit anna vanleg turistmål. På vegen dit byrja det å regne. Vi hamna på ein restaurant, men etter å ha sett menyen og prisane gjorde vi det som eg måtte bli 45 for å våge; vi reiste oss og gjekk.

Vi gjekk ikkje lenger enn rundt hjørnet, men inn i ei sidegate fann vi eit av desse hola i veggen som Roma er så kjent for. Vinrankar av plast i taket og raudvin på store tønner med tappekran til tross, maten var fantastisk. Vi fekk fire sortar bruschetta, ein nydeleg pizza med salsiccia og artisjokkar og til slutt ein sjokolademousse til meg som vi til slutt måtte dele. Eigentleg delte vi vel alt vi fekk oss imellom.

Spansketrappene er fine, dei, men livsfarlege for tyske pensjonistar på gummisålar på veg ned på regnvåte trinn. Vi gjekk dei til topps, og så tok vi til venstre inn i parken til Villa Medici.

Der lånte vi fine tomannssyklar med ein fiffig liten motor, og på den tok vi oss gjennom heile Medici-parken og over i Borghese-parken som ligg lenger nord. To timar brukte vi på å sjå det heile, det hadde  teke lenger tid til fots.

Desse parkane er nydelege, med vakre pinjetre, flotte gamle bygningar, ein dyrehage og velholdte hagar. Ein tur på dette platået gir også eit flott overblikk over Roma.

I skrivande stund er det kveld, vi er på veg ut for å spise middag slik romerane gjer det – i nitida. When in Rome, do as the Romans, ikkje sant?

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Inger Lise says

    Der skulle eg ha vøre…men har vore i Roma kunne godt tenke meg ein tur til. Kos dokke fortsatt

    Likar

  2. Do as the Romans, sjølsagt! Vårt beste måltid i byen var en vidunderlig saltimbocca på en uterestaurant der vi la merke til at det var overvekt av lokale gjester.

    Skal du se ei eneste kirke, vi jeg forresten anbefale San Carlo alle Quattro Fontane. Et lite smykke, den skal være Romas minste og kunne fått plass inni en av søylene til Peterskirka.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s