Billig mat, Ferie, Middag, Pasta, Reise
Comment 1

Pasta alla Fabricio


Vi har fått ein ny venn. Han heiter Fabricio, og er den einaste i kjøttdisken i vår vesle lokale supermarknad som kan nokre få ord engelsk. Eg blir stadig like overraska og glad over kor lite som skal til for at ein skal klare å ha ein meiningsfull dialog med italienarar.

I dag dro vi inn til Colosseum, og vart overraska av eit heidundrande regnver. Menn som selde paraplyar gjorde gode pengar, og vi prøvde så godt vi kunne å la dei medbrakte tynne sykkeljakkene våre halde regnet ute. Det var fåfengt.

Colosseum er fint, men kaotisk lagt opp, trass i at det er ein pengemaskin. Informasjonen er ustrukturert og dårleg. Vi leigde audioguidar, men vi fann aldri heilt ut når vi skulle trykke på kva knappar og kva som var nord, sør, aust og vest. Etter at vi hadde betalt for audioguidane fekk vi vite at vi måtte leige nye for Forum Romanum og Palatinerhøgda, trass i at all informasjonen låg inne i dei vi opprinneleg leigde. Slikt provoserer ein sunnmøring, og spesielt to.

Men før vi visste ordet av det var palatinerhøgda stengt, den stenger kl. 15:30 no i vinterhalvåret. Så vi sette oss på bussen heim, og bestemte oss for å ha ein heimekveld med middag laga av lokale råvarer og sofakos. Difor hamna vi hos Fabricio. Planen var pasta carbonara, og vi byrja med å velge ost. Han anbefalte oss ein heilt fantastisk pecorino (ja, vi tek med eit stykke heim, Hilde!) til carbonaraen. I tillegg hadde han eit nydeleg stykke panchetta som vi fekk skore i skiver og svora fjerna på.

Eg spurte etter fløte, men då vart Fabricio noko snurt. Han meinte (og det har han jo rett i) at den opprinnelege, originale carbonaraen skal lagast utan fløte. Eg ga meg ikkje, og med samanbitne tenner selde han meg ein pakke fløte, mot at eg dyrt og hellig lova å bruke det til tortellini, ikkje til carbonara. Men han blidna då vi spurte om vin, og han fekk tilrå sin favorittvin, ein chianti frå Barone Ricasoli.

I tillegg til det alt overvegande hyggelege møtet med Fabricio fann vi også den lokale grønsaksbutikken. Den var førsteklasses, med fine varer og stort utval. Vi plukka med oss masse salat, eit stort knippe plommetomatar på kvist, ein slik flat, fin løk, sitronar, plommer og ein diger paprika. Kva vi betalte? €2,50! Under tjue kroner, altså. EU har sin sjarm av og til.

Så tusla vi innom vår lokale pastabakar, som selde oss fersk tagliatelle, også det til nesten ingen pengar. Med eit brød frå bakaren på hjørnet var lykka gjort. Middagen var ferdig på null tid, og eg høyrde Fabricio si stemme over skuldra og droppa å ha fløte i carbonaraen. Å, det vart så godt! Då vi gjekk frå Fabricio visste vi ikkje at vi kunne bruke måltidet til å feire at Silvio Berlusconi ser ut til å ha slept si klamme hand om Italia, men det kunne vi altså. Slik gjorde eg det:

Pasta carbonara alla Fabricio

250 g fersk pasta

150 g panchetta eller bacon, helst tørrsalta

2 egg

100 g riven pecorino

Set pastavatnet på kok. Bruk ei høg gryte og ikkje fyll den meir enn 1/3 opp. Fersk pasta kokar lett over. Del panchettaen i små bitar, og steik dei på tørr pannne.

Ha litt salt i kokevatnet, eg brukte ca. 2 ts. Ha i pastaen, og la den koke til den er ferdig, vår var av den fyldige typen, og trengte nærare 6 minutt i gryta.

Knekk egga i serveringsbollen, og rør dei saman med mesteparten av osten. La feittet renne av panchettaen, og ha kjøtbitane i eggemassen medan du rører. La pastaen renne av, og ha den i bollen. Vend godt rundt, dryss på pecorino og server med salat, godt brød og  salt og peppar på bordet. Og ein god chianti, om du har.

Éin kommentar

  1. Eg ser at du gjer deg sameleis erfaringar som eg. Det gjekk lang tid før eg orka å ete ferskenar i Norge. frukta og grønsakene var rimelege og smakte av sommar. Herlege små matbutkkar med ostediskar og kjøtdiskar der du fekk smake.
    Vi følte oss lurte¨på Colosseum. Der gjekk unge engelskmenn/amerikanarar og verva folk til “English guide”. Han viste seg å vere ein italienar med heller dårleg uttale. men det er fantastisk å gå på gammal grunn! Kos dykk!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s