Vi trengte ein kjapp middag. Ein lang dag med besøk i vatikanet, Peterskyrkja og eit kjøpesenter som eigentleg var skuffande (men ein finn jo alltids noko) var nesten omme.
Eg fekk med meg panchetta, som har blitt ein basisingrediens i kostholdet oss her nede. Så gjekk eg innom egyptaren som driv grønsaksutsal på nedsida av nabogata vår. Han har to kasser i butikken som er veldig smarte. Den eine er full av ferdig rensa og oppkutta salat, den andre er full av suppegrønsaker. Eg tok med meg ein pose av dei i tillegg til ein pakke gnocchini frå Sardinia og ei flaske passata.
Kva var det i blandinga? Ja, heilt sikker kan eg ikkje vere. Men det eg klarte å identifisere var gulrot, selleri, bladpersille, blomkål, romanescokål (den grøne som liknar på blomkål, men som har spisse bukettar), grønnkål, raude og kvitstripete ferske bønner og litt raudkål.
Vil du lage denne suppa så hakkar du det du har og det du finn i butikken, slik at du får ei passe fin blanding med variert tekstur og smak. Eg hadde gløymt å kjøpe kvitløk, men har du så putt i eitt par fedd.
Vel heime kutta eg opp panchetta og ein løk, og freste det i olje. Så slo eg på vin og vatn, litt passata og så putta eg oppi grønsakene. Når dette hadde kokt eit kvarter hadde eg i pastaskjella, og lot det heile koke ti minutt til. Vips, hadde vi ei fantastisk god suppe til middag. Eg trur det vart ein slags minestrone. Dei fleste typer pasta kan brukast, har du spagetti eller liknande kan du dele den i bitar. Her har du ei litt meir nøyaktig oppskrift:
150 g panchetta/bacon
Ein løk
1/2 l vatn
1 dl kvitvin
1/2 liter passata eller 1 boks hermetiske tomatar
1 liter blanda grønsaker, sjå over
Det du måtte ha av pasta
Salt, sukker og peppar
Fjern svora på baconet, og kutt det i bitar. Surr det i olje til det blir lysebrunt. Rens og hakk løken, og la denen surre med til den er blank. Slå på vatn og kvitvin og la det fosskoke eitt par minutt. Ha i passata og la det koke opp. Ha i resten av grønsakene og la det koke i 15 minutt.
Ha i pasta, og la det koke snautt den tida som det står på pakken at pastaen skal koke. Server med godt brød og resten av vinen. Vinen kan droppast, viss du ikkje har. Eg tok skiver av to dagar gamalt brød, og steikte dei lett i olivenolje. Ein slags bruschetta naturale, altså.