Ferie, Reise
Kommenter innlegget

Den finaste tida på dagen


Ein by som Roma skiftar ansikt alt etter kva tid på dagen det er.

På morgonen er det hektisk, butikkane får levert varer, folk hastar til arbeid og bussane tutar. Utover dagen vert det berre meir hektisk, alle turistane kjem ut med karta sine og kamera, og virrar rundt, stoppar opp på dei smale fortaua og lagar kaos.

Men utover ettermiddagen roar det seg. Folk dreg frå jobb, set seg ned på ein kafé eller tek den fullstappa bana heim. Viss du då går opp på ei høgde kan du sjå at sola dalar, og byen får ein gyllen lød. Roma er eigentleg ein ganske lys by, mange bygningar er i lyse fargetonar. Sett ovanfrå beheld byen fargen sin, frå solnedgangen til det mørknar og den byrjar  å tenne sine eigne lys. Etter kvart ser du at byen har sitt eige lys, som tek over for sola.

På høgda Gianicolo, som du går opp til frå Trastevere, kan du stå og sjå dette vakre lysspelet. Gå opp Via Garibaldi, og finn den store utsiktsterrassa på toppen. Den går over to sider, den fortset på vestsida. Går du over dit har du utsikt over den botaniske hagen og Peterskyrkja frå baksida. Der finn du også ein liten bar, der du kan sette deg ned og nyte det heile.

Er du nede i byen når sola går ned får du oppleve svalene sin dans over sentrum. Den perfekte utsiktsplassen er til dømes Piazza di Campidoglio. Svalene samlar seg i store flokkar, og flyg fram og tilbake over sentrum som skyer av svart. Eg har aldri sett så mange svaler som eg har sett i Roma.

Til slutt, når sola går ned og det vert mørkt, samlar dei seg i trea langs Tiberen, der dei sit og kjatrar og pratar om dagen som har gått. Av og til tek dei seg ein tur ut i lufta, før dei igjen finn sin perfekte plass der oppe i pinjetrea.

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s