Pappatur til Eika
Pappa og eg tok ein tur ut til Eika på søndag. Eika er ei øy som ligg nedanfor sørspissen av Hareidlandet. Sundet mellom Eika og Hareidlandet heiter treffande nok Eiksundet, og over dette sundet går det kjende Eiksund-sambandet, som gir Herøy, Sande og Hareidlandet fastlandssamband. Fram til Eiksundsambandet opna i 2008 var Eika utan rutesamband med omverda. Ein måtte ha eigen båt, skulle ein ut dit. No derimot, går brua som fører ned til den undersjøiske tunellen over frå Hareidlandet til Eika, og der er laga ei avkøyrsle som gjer at det er lett å dra på fottur over Eika. Eg veit ikkje så mykje om Eika, bortsett frå at den var ein del av Herøy kommune fram til 1964, då den gjekk over til Ulstein. Eg har blitt fortalt at namnet kjem av at den hadde den nordlegaste eikeskogen i Noreg, men om dette stemmer veit eg ikkje. No finst det eikebestandar fleire stader i Møre og Romsdal, iallfall, men eg trur vårt fylke framleis er rekna som den nordlege grensa for naturleg forekommande …