Ferie, Reise
Comments 5

The town and the gown


Oxford er ein by som har undervisning som hovudnæring.

Det er fascinerande, i farta kjem eg berre på Volda som har det på same måte. Det ligg Colleges over alt, uansett kvar du snur deg finn du noko som har tilknyting til universitetet. Det kan vere undervisningsbygningar, hybelhus, butikkar som sel genserar og paraplyar med Oxford University på eller studentbokhandlar.

Vi hadde ein runde med guide i dag. På spørsmålet om ein vil reise på eiga hand eller ha ein guida tur seier dei fleste at dei vil reise på eiga hand. Eg brukar å ta ein guida tur i byrjinga av eit opphald på ein ny plass.

For mange gongar har eg kasta bort tid på å surre rundt i turistfeller, medan skattane låg ein annan plass enn der eg var. Ein autorisert guide veit kvar du bør sjå, du kan stille spørsmål om dette og hint (for eksempel om Oxfords beste skobutikk – den hadde vi aldri funne elles) og du får med deg historia på ein annan måte enn å sitte med nasa i ei guidebok.

Vi var veldig fornøgde med Sally, som følgte oss rundt i Oxford i to timar.

Ho viste oss mellom anna dei plassane der Harry Potter-filmane har blitt spelt inn i Oxford, og sveipar rundt det meste av byen i løpet av dei to timane.

Her ser du spisesalen på Queen’s college, der har mellom anna Rowan Atkinson vore elev. Dei grøne stolane i bakre delen av rommet som lærarane sit på er faktisk ei gåve frå han.

Alle collega er i og for seg sjølvstendige, men dei er ein del av føderasjonen University of Oxford. Undervisningstilbodet varierer frå college til college, og dei varierer også i storleik.

Dei største har oppunder 800 studentar, det minste, All Souls, har ikkje studentar i det heile. Dei har berre post-graduates, altså forskarar i ulike fag.

Begrepet The town and the gown peikar på motsetnadane som det har vore mellom dei som bur i byen Oxford og dei som er tilknytta universitetet. No er dei nok ikkje så sterke, men tradisjonelt har dette vore eit smertefullt avhengigheitsforhold.

Dei som underviser eller blir undervist klarer seg ikkje utan «støtteapparatet» i den lokale befolkninga, like fullt har nok dei lokale ikkje alltid blitt behandla med like mykje respekt.

Christ Church college er eit av dei eldste og mest prestisjetunge, her var pappaen til Alice Liddell som inspirerte Lewis Carroll (eller Charles Dodgson som han eigentleg heitte, når han underviste i matematikk) til å skrive Alice i eventyrland «dean».

Hagen rundt kapellet var avstengt for barna, men Alice ville likevel snike seg inn der. Charles Dodgson fortalde historier til Alice og søskena hennar, og dette vart til Alice i eventyrland.

Lista over kjende personar som har studert i Oxford er lang, den består av amerikanske presidentar, norske kongar, engelske statsministrar og skodespelarar.

Femtenåringen min er også overbevist om at Oxford er plassen for henne, og lysta til å byrje her har ikkje blitt mindre etter å ha gått rundt i dei vakre hagane og sett på dei flotte steinbygningane.

Tolvåringen er skeptisk på eigne vegne, etter at han fekk vite at dei ikkje underviser i speldesign her. Vi får sjå kvar dei endar.

Elles har vi hatt pubmiddag, litt dameshopping, kveldsmat heime med ostesmørbrød og film, og vi kosar oss intenst! 🙂

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Jeg har også lagt merke til det. Ingen vil «vedkjenne» seg å benytte seg av guidete turer. Så teit. Det er jo kjempesmart å begynne utforskingen av et nytt sted i følge med en god guide – eller en turistbuss for den saks skyld, for å få et overblikk før man tar bena fatt.

    Høres ut som dere har en fantastisk tur! Jeg er litt misunnelig. Kos dere videre!

    Likar

  2. Vi har også gått over til guidede turer etterhvert – særlig når vi har med ungene som ikke er særlig tålmodige hvis vi ender opp i feil gate eller bydel…Og så slipper vi masse tråkking, og som du sier – ser mye vi ellers ikke ville sett. Vi var i Oxford for en del år siden, da var jeg gravid og gretten så den gangen ble det busstur med niste.

    Likar

  3. Så fantastisk ut! Blir nok en tur til Briteland i løpet av høsten, men dog trolig lengre nord enn Oxford…
    Kos dere videre 🙂

    Likar

  4. Helt enig med deg om guidede turer.. har kastet bort utallige timer og gått flere mil, bla.a i København uten å finne det jeg kom for. Nå bruker jeg bussene der jeg vil oppleve noe..

    fortsatt god ferie !

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s