Ferie, Reise
Comments 3

Ein museumsdag


Det vart ein museumsdag på oss i dag; det pøsregna då vi vakna, og såg ikkje ut til å gi seg heller.

Men når ein først skal gå i museum er Oxford rette byen å vere i. Vi byrja på museet for vitskapshistorie, som for tida har ei utstilling om eksentrisitet. Den presenterer eksentriske menneske, maskiner, idéar eller prosjekt. Vi såg masse spennande der, både i den faste utstillinga og i den permanente.

Albert Einstein kom til Oxford og underviste om relativitetsteorien fleire gongar i si levetid. Andre gongen han kom var det ein som hadde den lyse idéen om å ikkje viske ut det Einstein skreiv på tavla etter at han var ferdig med forelesinga.

Tavla vart teken vare på, og difor kan ein i dag sjå Einstein si handskrift med tavlekritt på veggen på vitskapshistorisk museum. Artig!

Dei to andre musea som verkeleg er ei stor oppleving er naturhistorisk museum og Pitt Rivers Museum. Det er uråd å kome til Pitt Rivers utan å gå gjennom naturhistorisk, så dei to heng nøye saman.

Naturhistorisk museum er det klassiske dyre- og mineralmuseet, med flotte, pedagogiske presentasjonar av Darwin si evolusjonslære, av all verdas dyreartar med og utan pels og fjøyr og av stein og metall i ulike former og fasongar.

Her finn du eit godt utval av dinosaurar, for dei som syns at slikt er gøy, men også ei fin framstilling av forbindelsane mellom dyreartane, korleis dinosaurar er forgjengarane både til fisk, fuglar og pattedyr. Skjellettet til fleire store elefantar har dei også funne plass til.

Noko som er artig med Naturhistorisk museum er at dei har teke konsekvensen av at dei har alt for mange dyr i samlingane sine, og difor har dei sett dei fram med skilt som seier Please touch!

Du får «kose med» ein snøleopard, ein flott rev og ein oter. Kaninen sit side om side med reven, og det går heilt fint. Du får også ta på ulike metall og mineralar. Eg syns dette er stas, det er oftast alt for mykje «Don’t touch» i verda.

Men den verkelege skattkista er Pitt Rivers museum. Augustus Pitt Rivers var ein britisk etnolog og arkeolog som revolusjonerte den arkeologiske metodikken på slutten av 1800-talet. Han reiste mykje, og samla i løpet av si levetid nærare 50 000 artefaktar (gjenstandar) frå heile verda.

Dette vart samla i museet som i dag ber namnet hans. I ettertid har samlinga blitt supplert med ting som andre reisande har teke med seg tilbake til England, slik at den no består av 500 000 gjenstandar.

Det er ei fascinerande samling, som viser skilnadane og likskapane mellom dei spora menneska set etter seg over heile kloden. Den inneheld alt frå klede og husgeråd til musikkinstrument, verktøy og gjenstandar som vart brukt til å få kontakt med ånder og forfedrene. Her finn du lekre, små flettekorger frå Madagaskar, Totempelar så høge som tre fulle museumsetasjar, vindinstrument frå Papua Ny Guinea og truger og ski frå Norge.

Denne metoden, å samle inn ting til samlingar mange hundre mil unna der tinga kjem frå, er vel forlengst forlatt av antropologar som arbeider i dag. Artefaktane skal bli tekne vare på der dei høyrer heime. Men for oss som får gleda av å vandre rundt i slike samlingar og la oss imponere av menneskeleg skaparevne og kreativitet har Pitt Rivers gjort ein kjempejobb.

This entry was posted in: Ferie, Reise

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. maiblomst says

    Høyrest ut som ein god dag til tross for regnvær!
    Me har bytta oss til Berlin, og det ser ut til å være museumsdag på søndag;-)
    I morgon blir det forhåpentlegvis badevær! Kos dykk vidare!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s