Ferie, Reise
Comments 2

Ein slakk dag i parken

I går hadde vi ein slakk dag, vi trengte å kvile beina etter ein slitsom dag i London dagen før.

I staden for å vere turistar så tok vi med piknikpledd og eit spel under armen. Vi stakk innom næraste pizzasjappe, og fekk med oss to store pizzaer og to flasker med brus, og så vandra vi til South Park her i Oxford.

Spelet vi hadde med var Perudo, eit enkelt terningspel som ein kan sjå spelt mellom anna i Pirates of the Caribbean. Spelet finst i mange kulturar under mange namn. Dudo, Bluff eller Liar’s dice er andre namn på det.

Du treng ein kopp og fem terningar til kvar spelar. Alle ristar terningane i koppen, og vender koppen oppned på eit brett (eller ei pizzaeske). Så skal ein gjette kor mange av kvart slag som totalt er under koppane på bordet.

Ein kan gjette to trearar, nestemann må gjette høgare, enten i antall eller verdi, og når det kjem så høgt at det høyrest usannsynleg ut seier nestemann dudo, som betyr “eg tvilar”. Då viser alle kva dei har, og ein tel opp terningane. Dersom tvilaren hadde rett misser forrige veddar ein terning. Dersom forrige veddar hadde rett, misser tvilaren ein terning.

Dudo er eit av mange spel som er lett å ta med på tur. Kortstokkar og lommeludo er klassikarar, men også andre spel egnar seg til dette. Vi har hatt med ulike spel, og det er alltid suksess. Vi har med datamaskiner når vi reiser, og ein blir lett sittande ved den om kvelden etter at vi har spist, og då blir det ikkje å sosialt. Når vi tek fram eit spel er alle med, og vi er saman på ein heilt annan måte enn elles.

Det hopar seg opp med filmar heime som vi ikkje har sett. “Vi har den, men eg har ikkje sett den”, er vanleg svar når eg vert spurt om ein film. Difor brukar vi ofte å ha med filmar i ei mappe når vi dreg på ferie. Filmar tek liten plass, og fordi vi byttar hus er det som regel alltid enten blu-ray-spelar, dvd-spelar eller playstation 3 der vi kjem.

Så langt har vi på denne turen sett The dark knight, Black swan og Brokeback Mountain. Det er sosialt å sjå film saman, og det passar fint å sjå ein film etter at vi har blitt kasta ut av pubane der vi ofte et middag. Etter åtte skal alle under 18 vere ute av lokala, så då tuslar vi oss heim.

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hm, det spillet har jeg aldri lagt merke til, men det skal prøves ut. Takk for tips 🙂

  2. Kjekt å ha noko å roe seg ned med når ein har med ungdomar som vil ha action heile tida! Interessant å lese om byen, og det med pubaldersgrensa var nytt for meg.

Leave a Reply