Ei av favorittdamene mine overraska meg i går med ei tekstmelding med invitasjon til å bli med på konsert i Operaen.
Operaen har dei to siste åra hatt gratis påskekonsertar, der musikarane i orkesteret og i ensemblet forøvrig bidreg med konsertar for folk som stikk innom. For å halde orden på sysakene delar dei ut gratisbillettar same dag kl. 11, og konserten er kl. 14.
I dag er det altså ein flott konsert på hovudscenen kl. 14. Programmet er med kun musikk av Mozart, og viss du er i byen er dette noko du definitivt bør prøve å få med deg. Så stikk innom Operaen og be om ein gratis billett, og kos deg med vakker musikk i verdsklasse.
Desse bilda er frå konserten i dag, som var på balkongterrassen.
Jonas Båtstrand, fiolin og Bendik Båtstrand, klavér:
Dimitris Kostopoulos, klavér, og Christian Mortensen, kontrabass: