All posts filed under: Kunst

Fredag kveld


Ja, eg veit det er seint å fortelje om det, men eg var altså på Rådhusplassen og høyrde Oslo-filharmonien framføre Beethovens niande symfoni, den som vert avslutta med Ode til gleden. Strålande!

Dei glade tjueåra


Eg såg The Great Gatsby i natt. Ein flott film, som beskriv boomen i USA etter første verdskrigen, då folk som gjorde dei rette trekka på rett tidspunkt bygde seg opp store formuer på kort tid. Mot slutten av filmen spelar dei denne vakre valsen, «When you and I were seventeen». Eg har ikkje funne den med vokal, men her er den i instrumentalversjon. Eit stykke utover i sangen kan du høyre eit musikalsk sitat, «Drink to me only with thine eyes», viss du lyttar nøye. Sjå filmen, den har tolt å bli gamal.

Siste paparazzi-bilde


I går, før vi sette oss på flyet, rakk vi å få med oss Yves Saint Laurent-utstillinga i Petit Palais. Den er sommarens store mote-snakkis i Paris, og er konstant utselt. Vi var innom Fnac, ei elkjøp-liknande forretning som også har eit billettkontor der du får kjøpt billettar til alt mellom himmel og jord. Eg anbefalar deg å bruke dei viss du skal til Paris, og skal planlegge kva du skal gå på av utstillingar og konsertar. Du kan bestille billettar via nettsidene deira, eller gå i ein butikk i Paris, viss arrangementet du skal på er meir enn 48 timar fram i tid. Her ser du køen då vi gjekk frå utstillinga, det var ein tjue meter lang kø for dei som hadde førehandskjøpt billettar, og køen som du ser mest av her, er for dei som ikkje hadde førehandskjøpt. Den køen strakk seg i periodar heilt ned til Champs Elysées. Berekna ventetid: ca. to timar… Denne utstillinga var også belagt med eit veldig strengt praktisert fotoforbod, og med så mykje vakter som vandra …

Musée d’Orsay


Louvre tek ansvaret for den historiske og klassiske kunsten i Paris. Den ombygde jernbanestasjonen Musée d’Orsay, eller M’O som dei kallar den her i byen, presenterer impresjonismen og postimpresjonismen. I tillegg er det her samla ei flott utstilling av marmorskulpturar, og ikkje minst ei praktfull samling med art noveau-møblement. M’O ligg fint til langs Seinen, rett overfor Tuilleriane og Louvre som i eit triangel. Her finn du dei mest sentrale verka av kunstnarar som van Gogh, Renoir, Seurat, Manet, Monet, Gaugain og Cezanne, for å nemne nokre. Det som er litt morsomt for oss som har budd på hybel og trengte veggpryd er at mange av desse bilda er flittig brukte plakatmotiv. Det var uråd å kome inn på ein hybel i Volda eller på Kringsjå seint på åttitalet og ikkje finne vannlinjene til Monet eller dei pianospelande jentene til Renoir. Brått så står du der framfor originalen til motivet på dei falma kunstplakatane, og blir fjetra av rørslene i van Gogh sitt maleri av kyrkja i Auverne, av stoffet i kjolane til Manet sine …

Vannliljer og Rive Gauche


Monet sine vannliljemotiv er verdskjende, og vi tok ein tur i Tuileries for å sjå desse to vakre bassenga av kunst. Når du kjem inn i kunstverket går du først gjennom ei oval, kvit vestibyle som Monet designa for at ein lettare skulle kunne legge byens larm og ståk bak seg for å kunne nedsenke seg i naturen vannliljene representerte. Så kan du gå vidare den vegen du ynskjer, inn i dei to salane med vannliljemotiv. Vannliljebilda er bøygde i same form som romma, og kvart rom formar på ein måte eit basseng. Det kjennest som om du står midt i vatnet med vannliljer og tre som heng ned i vatnet rundt deg. Dette var også tanken til Monet, å bringe mennesket nærare naturen, som han meinte støyen og trafikken i byen hadde teke bort frå menneska. Han skulle ha vore her i dag. Orangeriet er eit museum der er overkomeleg å sjå med barn, eller folk som er skeptiske til kunstoverdosar. Louvre er enormt, ein får ikkje sett så mykje som ein vil sjå, …

In that man there’s a heart


Eg klarer ikkje å få denne songen i denne versjonen av hjerna. Då måtte eg berre dele den med deg. Ikkje det at det hjelper, men då forstår du kanskje kvifor den sit fast. Dette var opningsnummeret på hyllingskonserten til Radka Toneff i Operaen 10. august 2009. Sjå fjesa til dei gamle jazzgubbane (Jon Eberson og Per Jørgensen) på 2:15, dei likar det dei høyrer. Eg viste denne til fjortenåringen. Ho lytta stille gjennom heile klippet, og så sa ho: «Slik vil jeg synge.» Det vil eg og.

Arne er død


Arne Nordheim døde i dag, 78 år gamal. Arne var rabulisten, debattanten og nyskaparen. Vi som er vande med dagens slappe og uinspirerte kulturdebatt kan ikkje forestille oss korleis fillene fauk og temperamenta støtte mot einannan i dei debattane Arne var ein aktiv deltakar av. Då eg møtte han hadde stormane stilna, og han var ein entusiastisk, energisk og snill (og ikkje så reint lite dameglad) aldrande mann. Han var alltid blid, og stilte opp når han vart beden og han likte formålet. Sjølv hadde eg gleda av at han tok ein telefon til ein kulturminister og fekk lirka ut ekstra pengar til eit prosjekt eg var med på, og det gjorde han med stor fryd. Han hadde ikkje personleg glede av pengane, men han elska å vere den som fekk ting til å skje. I selskap var han ein elegant bordkavaler, alltid med vittige poeng og anekdoter frå det mangslungne livet han levde. Elegante Rannveig var alltid i nærleiken, og same kor dameglad han var så vandra han alltid heim til grotta deira arm …

Dette må du sjå


Har eg fortalt at vi skal til Paris i sommar? Vi skal bytte hus (som vanleg) med ein fransk familie. Ikkje så langt unna der vi bur ligg denne fantastiske leikeplassen. Sjølv om mine barn ikkje er så små lenger, så ser eg på dimensjonane over dette at elleveåringen kjem til å elske å klatre i dette. Eg har framleis friskt i minne ein gong vi måtte redde han ned frå ein klostermur i Nímes i Sør-frankrike, han var seks år, og hadde klatra langt lenger opp enn han beherska. Dette trur eg er tryggare enn ein klostermur, pluss at han er større, sterkare og vonaleg klokare. Leikeplassen er bygd i Parc de Belleville, og ligg i 47, rue des Couronnes, i det tjuande arrondissementet. Med Metro drar du til haldeplassen Couronnes. Leikeplassen er designa av arkitektfirmaet BASE. Bilda har eg henta frå bloggen til Handmade Charlotte, ein kjempefin blogg om forseggjorte ting til huset og til barn. Og så har ho altså ein eigen temakategori der ho presenterer fine og forseggjorte leikeplassar rundt om …

Ein gammal helt


Peter Gabriel er ein av mine gamle heltar, eg såg og høyrde han på Kalvøya, og tok på han då han rulla seg ut i publikum. Eg prøver å få barna mine til å like han, men det er altså noko av det einaste dei ber meg slå av når vi køyrer avgarde på langtur. Eg forstår ikkje kvifor, for det er noko med denne mannen, stemma og uttrykket som rører meg veldig. Secret world kom første gong ut på albumet Us i 1992, men vart presentert på nytt på ein live-dvd, Secret World Live som vart utgitt i 1996. Denne snutten er henta derfrå. Finn du dvd-en så kjøp den. Det er ein fantastisk Grammy-premiert produksjon, med mellom anna Slegdehammer, Don’t give up og Solsbury Hill. What’s not to like? I stood in this sunsheltered place «Til I could see the face behind the face All that had gone before had left no trace Down by the railway siding In our secret world, we were colliding All the places we were hiding love What was …

For dei som sit askefast


No byrjar mange å kome seg dit dei skal, men mange slit framleis med å kome seg over frå New York og heim. Viss du er der, og ikkje har fly tilbake før på søndag, så tilbyr min strålande flotte venn Jay Hoffman gratis billettar til denne konserten. How cool is that? FREE TICKET OFFER FOR STRANDED EUROPEANS FROM AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA FOR SATURDAY, APRIL 24 BEETHOVEN’S 9TH IS THE FINALE OF THE AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA’S SILVER ANNIVERSARY SEASON; PROGRAM TO FEATURE 250 MUSICIANS AND DANCERS AT ST. JOHN THE DIVINE FOR IMMEDIATE RELEASE: All European-nationals who are stranded in the NYC area are invited by the American Classical Orchestra (“ACO”) to be their guest at the finale concert of their 25th anniversary season on Saturday, April 24 (8 PM). Bring your European-country passports and you’ll receive 1 (one) free ticket per person. The music director Thomas Crawford stated “Some of our musicians are stranded in Europe. We are re-enacting a European coronation in a stunning cathedral (help them feel at home!). Beethoven Ninth is …

Salsa!


Namnet Erich Hörtnagl seier deg kanskje ikkje så mykje, men det er han som lagar desse vakre, små filmane som NRK og SVT sender når dei har ledig plass på sendeskjemaet med folk som held rundt kvarandre, kysser og viser kjenslene sine ute i det fri.  Her er ein dansefilm, altså to fine ting på ein gong: Hörtnagl og salsa. Nyt!

Where corals lie


«Du har sunget med mange», sa sonen min til meg, i eit av dei mange tilfella der vi høyrde nokon synge på tv eller radio, og eg sa h*n har eg sunge i kor med!  Eg var altså så heldig at eg fekk synge i eit fantastisk kor tidleg på nittitalet. Mange av dei som var med der var sangstudentar på musikkhøgskulen, og har seinare fått suksessrike karrierer. Ei av dei flottaste stemmene eg sto skulder ved skulder med var Marianne Beate Kielland. Ho bur i Nord-Norge, men fartar land og strand rundt og syng med si flotte mezzosopranstemme. Her syng ho «Where corals lie» frå Edvard Elgar sin syklus «Sea pictures». Nydeleg.

Har eg fortalt…


-at Hjartesmil lagar magasin? Eit ordentleg papirmagasin som du kan halde i hendene og bla i og kose deg med? Ho har den finaste bloggen i bloggverda syns eg, sjølv om eg kanskje meir enn andre vert sjarmert av nynorsken hennar. Viss du vil ha eit slikt magasin kan du gå inn på bloggen hennar og legge att ei melding i dette innlegget. Ho held nemleg på av avgjere kor mange ho skal lage. Viss ud har lyst på eit slikt magasin, altså. Lykke til, fine Hjartesmil!

Prisane byrjar å hagle-


-over Gabourey Sidibe som spelar hovudrolla i filmen Precious. Eg såg filmen saman med trettenåringen (som vart fjorten på onsdag!) i forrige veke, og den gjorde eit enormt inntrykk på oss begge. Gå og sjå den viss du ikkje allereie har gjort det! Ho fortener alle publikummarane og prisane ho får.

Magnolia


Nei, det er ikkje eit hageinnlegg. Det handlar om filmen Magnolia, Paul Thomas Anderson sitt mesterverk som kom i 1999. Den gjekk på tv2 i går, og sjølv om eg har sett den fleire gongar måtte eg berre sjå den på nytt.  Filmen er full av fantastiske rolleprestasjonar, Phillip Seymour Hoffman gjer ein fantastisk prestasjon, det same gjer Julianne Moore. Tom Cruise spelar si villaste og etter mitt syn beste rolle her. Eg gret augene mine ut over guten som seier: Dad, you need to be nicer to me. Og barnestjerna som i vaksen alder seier: I have so much love to give, I just don’t know where to put it. Finn du den i ei filmsjappe eller i ein nettbutikk så kjøp den og sett av ein lang kveld til å sjå denne surrealistiske, triste og rørande filmen som likevel gir eit slags håp. Sangen i dette kuttet er av Aimée Mann. It’s not What you thought When you first began it You got What you want Now you can hardly stand it though, By …

Dårleg gjort


Det eg skal gjere noko er eigentleg skikkeleg dårleg gjort, eg skal skrive om noko som eg var med på i går, som det ikkje er råd å bli med på nytt. Vi var nemleg på siste forestilling av Jesus Christ Superstar på Det Norske Teatret. Åfyttikatta! Det var ei imponerande forestilling på alle vis. Det var sjølvsagt stort å så Hans Erik Dyvik Husby på scenen som Jesus. Eg har ikkje vore fan av Turboneger, men den mannen har noko ved seg. Det er mogeleg det var fordi det var siste forestilling, men det såg ut som om kjenslene låg på utsida av kroppen hans, eg opplevde framføringa hans som ein stor emosjonell prestasjon. Men den som imponerte meg aller mest, og som eg har vore blodfan av så lenge eg har visst om han, er Frank Kjosås, som spelte Judas. Han har dette androgyne uttrykket som gjer at han trekker til seg blikka frå salen på ein heilt annan måte enn andre skodespelarar. I Hair var det særleg tydeleg, i Peter Pan var …

J.D. Salinger 1919-2010


J.D. Salinger døde i går, 91 år gamal. Han er ein av dei myteomspunne forfattarane i moderne tid, i og med at han var heilt taus i det offentlege rom i dei siste 44 åra av sitt liv. Han ga ut ein roman og tre novellesamlingar, ikkje meir enn du kan halde i ei hand. Men romanen han ga ut, The catcher in the rye, har blitt eit ikon og reknast som ein av dei fremste amerikanske romanane gjennom alle tider. Boka har spelt ei rolle i mange menneske sine liv, både på godt og vondt. Mark David Chapman, som skaut John Lennon i New York i 1980, sa han gjorde det for å få fleire til å lese The catcher in the rye. Då dei ransaka hotellrommet til John Hinckley Jr etter at han hadde gjennomført eit mislukka attentat på Ronald Reagan fann dei eit eksemplar av denne boka der. Det som mest av alt gjorde at amerikanske ungdommar gjorde J.D. Salinger til sin forfattar var nok sinnet, aggresjonen, kjensla av at ingen forstår …

Før eg visste ordet av det…


hadde eg brukt ein halvtime her. Det er San Fransisco Museum of modern art sitt «artscope», ei samansetjing av alle deira verk til eit lappeteppe som du kan klikke deg rundt i. Sjå om du finn Mark Rotkho. (Eller noko anna du likar. Eg har ei greie med Mark Rotkho.)