Ferie, Kunst, Reise
Comments 2

Musée d’Orsay

Louvre tek ansvaret for den historiske og klassiske kunsten i Paris. Den ombygde jernbanestasjonen Musée d’Orsay, eller M’O som dei kallar den her i byen, presenterer impresjonismen og postimpresjonismen.

I tillegg er det her samla ei flott utstilling av marmorskulpturar, og ikkje minst ei praktfull samling med art noveau-møblement.

M’O ligg fint til langs Seinen, rett overfor Tuilleriane og Louvre som i eit triangel. Her finn du dei mest sentrale verka av kunstnarar som van Gogh, Renoir, Seurat, Manet, Monet, Gaugain og Cezanne, for å nemne nokre.

Det som er litt morsomt for oss som har budd på hybel og trengte veggpryd er at mange av desse bilda er flittig brukte plakatmotiv. Det var uråd å kome inn på ein hybel i Volda eller på Kringsjå seint på åttitalet og ikkje finne vannlinjene til Monet eller dei pianospelande jentene til Renoir.

Brått så står du der framfor originalen til motivet på dei falma kunstplakatane, og blir fjetra av rørslene i van Gogh sitt maleri av kyrkja i Auverne, av stoffet i kjolane til Manet sine damer og av blikket til dei leikande barna til Renoir.

Museet er kontinuerleg under renovasjon, no er mange av impresjonistverka flytta ned i første etasje medan dei pussar opp lengre opp. Uansett når du er i Paris bør du sette eit besøk her på programmet.

Kom gjerne seint, då betalar du redusert tariff. Vaktene er strenge, så eit kvarter før stengetid vert du relativt uhøfleg skyssa ut, eg veit ikkje om det er fordi dei ikkje får overtidsbetalt. Men du får sjå mykje på eitt par timar her. Nyt dei gamle mesterane sine verk, og få eit flashback til åttitalet.

Det er strikt fotoforbod i M’O, så bildet av interiøret over er teke på klassisk paparazzi-vis, sånn cirka bra innstilling, og så eit raskt knips og ned igjen. Eg kjem tilbake med fleire slike.

This entry was posted in: Ferie, Kunst, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Eg forstår at eg må til Paris! I Roma oppdaga vi og at det var lurt å kome eit par timar før stengetid. Midt på dag var køane “milelange”. Vi sov frampå og kom inn relativt raskt. Meir enn eit par timar greier ein ikkje å “fordøye.”

  2. Om du har vært i Invalidedomen, det slår alle rekorder av sure vakter. Knis, knis, og du er på hodet ut. Egentlig er de ganske sure mange steder, når jeg tenker etter.
    Veldig tøft paparazzibilde tatt uten blitz, forøvrig. 🙂

Leave a Reply