I torsdag dro vi ut til Versailles, noko som skulle vise seg å verte ein langdryg tur. Grunnen til det var at toglinja vi skulle ta hadde reparasjonsarbeid på gang (ja, her og…), og buss for bane gjorde ikkje susen.
Frykteleg irriterande, hadde vi visst det på førehand hadde vi berre reist til ein stasjon lenger ut på linja. Men ein tenker ikkje på å sjekke slikt, det er vel eit teikn på at vi faktisk stolar på det parisiske metrosystemet.
Men når vi først var komne på rett tog hadde vi det fint. Dette er eit rer-tog som går mellom Versailles og Orly, eit slikt i to etasjar. Vi fekk utsiktsplass oppe, og spiste lunchen vår på veg utover til Versailles. Pass på at du går på det toget som det står Versailles Rive Gauche på, det andre som gjer at du får ein mykje lengre spasertur i Versailles, står det Versailles Droite eller Versailles Chantiers.
Som til Disneyland kjøpte vi tur-returbillett med ein gong, berre pass på å halde dei brukte og dei ubrukte billettane frå kvarandre. Det er vanskeleg å sjå skilnad på dei.
Når ein kjem ut frå stasjonen er det to alternativ, den skilta vegen går rett fram over gata, forbi Starbucks (ja, dei er her og) og til høgre langs ein allé opp til parkeringsplassen. Den andre, som eigentleg er finare, fordi du ser slottet på lang avstand, er å gå opp gata til høgre, og krysse over til venstre når du ser slottet.
Vi kjøpte ikkje billettar på førehand. Dei billettane du får kjøpt på internett er dyrare, fordi dei inneheld ein pakke med guida tur, tilgang til fleire attraksjonar og returbillett på toget. Vi kom seint, og billettkøen vart kort. Kjem du rundt lunchtider kan den nok vere atskillig lenger.
Slottet er imponerande frå første augekast. Store delar av fasaden er forgylt, og det består av mange fløyer og svalgangar. Husk å få med gratis audioguide, den er inkludert i billetten, og gir mange interessante innføringar undervegs.
Har du med headset til iphone eller liknande, kan du bruke det på audioguiden, elles er den berekna til å halde inntil øyret.
Det er mange ting som gjer Versailles så spesielt. Storleiken er ein ting, dei praktfulle taka og ornamenta ein annan.
Kunstverka som heng der er også ei reise verd, for ikkje å snakke om alle skulpturane og møblane. Speilsalen er desidert den flottaste, med ei grandios utsikt over hagen og vasspeila ute i parken.
Elleveåringen lot seg imponere av bygningane, hagen og alt gullet som var rundt omkring, og han lytta tolmodig til utgreiingane som den britiske kunsthistorikaren heldt i audioguiden.
Men han syntest ikkje at fransk 17-talskunst var så veldig interessant i lengda, så etter ei stund fekk han sitte i fred med ds-en sin medan vi gjekk rundt og koste oss med alle detaljane.
Vakta i dress syntest også at det som skjedde på ds-en var meir gøy enn kunsten.
Eg prøvde å ta bilde av senga til Marie Antoinette, det klarte eg berre delvis.
Det var uråd å få med både det vakre brokadesengetøyet og draperingane og dei staselege strutsefjøroppsatsane som pryda hjørna på sengestolpane. Det var ganske enkelt for høgt og for mykje folk i rommet.
Til venstre for senga sto det eit flott skap. Eg syntest det var eit beskjedent klesskap for Maria Antionette å vere. Eg tok feil, det var juvelskapet, det måtte ho ha i same rom som der ho sov.
Til høgre for juvelskapet var den skjulte døra som ho brukte då ho flykta frå opprørarane under revolusjonen i 1789.
Versailles har sjølvsagt sitt eige kapell, det strekker seg over to etasjar i høgda, og du kan altså sjå inn i det frå inngangspartiet og frå andre etasje.
Der er det eit galleri som overskodar den vesle men fasjonable kyrkjelyden som var her i si tid.
Hagen og parkane er ei studie i seg sjølv, området er så enormt at vi ga opp å sjå alt.
Då vi var ferdige inne var klokka halv seks, og det siste toget som tok passasjerar rundt om i parken var utselt.
Dersom du dreg ein tur hit, og er i ei gruppe på fire eller fem kan det lønne seg å leige ein liten golfbil. Den får du ha i ein time for 30 euro, og då kan du farte rundt på vegane i parken som du vil.
I informasjonsheftet som du får i billettluka står det at ein må rekne ein times vandring frå slottet og til den nederste enden av hagen, i den vestlege enden av innsjøen.
Nedover i hagen finn du og kaféar og restaurantar, så ingen skal få gå svoltne herfrå. Med mindre du kjem etter halv seks, då.
Stengetidene er dei rigide på, desse franskmennene. Det kan eg skrive ein eigen bloggpost om, trur eg.
Du skriver så knakende godt og informativt! Du har ikke tilfeldigvis vært i New York? Min 15-årige datter og jeg skal dit i oktober.. 😉 Vi reiste til Barcelona i mai i fjor, og hadde en helt topp mor/dattertur. Mht Versailles; det har kommet ut en bok (2009) om Madame de Pompadour skrevet av den svenske forfatteren og journalisten Herman Lindqvist. Gir et ganske så godt inntrykk av livet på Versailles. Kanskje en får enda bedre utbytte av boka ved at en faktisk har vært der. Så Paris blir neste mor/dattertur!
Var på Versailles med ein sjuåaring, ho brukte opp eingongskameraet sitt på å ta bilete av lysekroner. 🙂 Då me var der for nokre år sidan var halve speilsalen dekka med plast på grunn av renovering, den er sikkert ennå flottare i sitt fulle.
http://picasaweb.google.no/jorids/FotoalbumParis#5038886774157750674 her er bilete frå inni kapellet, forresten
Ellers er det ein koseleg pannekakerestaurant i nærleiken, perfekt for turistar 😉
Takk, Elin! Eg har vore i New York, men det er lenge sidan. Så lenge sidan at vi var oppe i det eine tvillingtårnet, faktisk. Tre månader seinare datt det ned. Det var ein typisk vaksentur, og alt har forandra seg, så eg veit ikkje om eg har så mykje fornuftig å seie om det. Google litt, så finn du sikkert masse fint. Sjekk forresten ut sense of life nede på lenkelista mi, i hennar gamle blogg ligg det mange New York-innlegg. Glamourbibliotekaren har også ein del New York-stoff, så vidt eg huskar.
Jorid: Vi holdt oss til Starbucks! 🙂 Takk for bildelenke.
Fantastisk!
Det ble ikke satt av tid til Versailles når jeg var i Paris, og det har jeg angret fryktelig på, spesielt etter å ha sett Marie Antoinette og surfet meg inn på hjemmesiden til Versailles og studert drømmende gjennom fotoalbumet.
Sikket enormt med inntrykk og inspirasjon å hente, fra det enorme komplekset, hagene frister også. Kanskje en dag er for lite?
Sikkert lurt å være forberedt, hadde ikke tenkt så mye på de enorme avstandene, og praktiske tingene, takk for du deler! Denne posten skal jeg huske på til neste gang Paris smiler velkomment til meg 🙂
Versailles er herlig! Det minst romantiske var å møte pågående, hissige souvernirselgere utenfor slottet… Var det fæle køer inne over alt? Vi tok det lille toget nedover i parken med en gang for å unngå folkemengdene. Og MA sitt soverom i Petit Trianon var yndig. Neste gang, om det blir noen, skal jeg til Grand Trianon, der er det mye lekkert fra keisertida og mindre folk, fikk jeg tips om.