Som ein ekte hagegal har eg stor glede av Paris. Denne byen inneheld mange fantastisk vakre hagar, og det er tydeleg at styresmaktene her i byen har brukt mykje krefter og pengar på å oppgradere bustadområde og bydelar ved hjelp av hagar.
Den mest spesielle eg har funne til no heiter Promenade Plantée.
Den er ei kilometerlang stripe med hage som er plassert oppå eit forlatt jernbanespor som går på viaduktar langs Avenue Daumesnil, i Bastille-området. Eg har sykla forbi der tidlegare, og ikkje vore klar over at det ligg ein hage der oppe, høgt over byen.
Oppgangen til hagen er i krysset Avenue Daumesnil/Avenue Ledru Rollin, viss du kjem vestfrå. Ein kjem ikkje opp der med barnevogn eller rullestol, med mindre ein tek musklane til hjelp. Det er ein heis der, som tydelegvis sto i sju steinar.
Jernbana på denne linja vart avvikla på slutten av sekstitalet, men det var ikkje før midt på åttitalet at dei byrja å planlegge ein hage her. Landskapsarkitektar og arkitektar vart engasjerte, og resultatet er ikkje mindre enn imponerande. Under bogane, altså på gatenivå, ligg der kunstgalleri, fine butikkar og ein designskule.
Det som er planta her er hovudsakleg tre, busker, stauder og toåringar, som til dømes stokkroser. Roseutvalet er stort, og det er også brukt mykje lavendel. Nokre av lavendelane er så store at dei dekker over ein kvadratmeter. Hagen ser ut til å verte godt vedlikehalden, då vi gjekk der såg vi haugar av hageavfall som tydeleg kom frå kompetent beskjering og rydding.
Ikkje på noko punkt er hagen meir enn ca. 10 meter brei.
Perrongane, vi såg to av dei, er behaldne med tredekke og blomar i midten, medan i sjølve sporet går gangstien, og blomane er langs sidene.
Litt forbi midten av vandringa kjem du til Jardin du Ruilly, ein flott nabolagshage med mykje duftplantar og nyttevekstar.
Stien går her i ei bru over den lokale hagen, der folk slappar av og spelar fotball eller les boka si på ein benk. Vi gjekk på den lokale intermarchéen og kjøpte oss lunch, som vi spiste på plenen under brua.
Promenade plantée er ein annleis hageopplevelse, og definitivt verd ein liten omveg om du er i Paris.