Ferie, Reise
Comments 10

Disneyland Paris – ei slags bruksanvisning

Når ein elleveåring med eit litt anstrengt forhold til Paris skal vere der i ei veke må ein planlegge aktivitetane nøye, og ikkje minst ta han med på råd. Min elleveåring sitt einaste ønske var at vi skulle dra til Disneyland.

Disneyland i Paris er eigentleg to parkar, Disneyland Park og Walt Disney Studios Park. Eurodisney er det gamle namnet, som ikkje gjeld lenger.

Den ordinære billetten gir tilgang til ein park i ein dag. Betalar du ti euro til får du tilgang til to parkar i to dagar.

Om ein skal velge den eine, den andre eller begge avheng av kva ein er interessert i, og kva alder det er på dei som skal vere med.

Walt Disney Studios er definitivt artigast for dei store. Der er fokus på filmkunst, på spesialeffektar, animasjonar og filmtriks. Og shopping, sjølvsagt.

Disneyland Park er meir teikneserieorientert, med ei laaaang shoppinggate, masse kaféar med til dels elendig og konsekvent veldig dyr mat og aktivitetar som rettar seg mot dei mindre barna.

Skilnaden i pris mellom ein og to parkar er imidlertid så liten at viss ein først dreg kan ein likevel trø nedover såretåa, med mindre ein reiser med små barn. Dei har mindre glede av aktivitetane i Walt Disney Studios, og vil nikose seg med å møte eventyrprinsessene, Ole Brumm og Buzz Lightyear.

Attraksjonane i begge parkane er middels imponerande. Viss du elskar skikkeleg magesug i loopen i Göteborg vil du nok bli skuffa her. Det er meir attraksjonar av det søte, snille slaget.

Det betyr ikkje at det du opplever her ikkje er imponerande, for det er det. Hovudproblemet med attraksjonane er at ventetida er lengre enn eit vondt år. Å vente 90 minutt er heilt normalt.

Men du kan bruke fastpass-alternativet. Det er ikkje noko du kan kjøpe, det handlar om å planlegge når du skal få kome med på attraksjonen. Dersom det finst fastpass-plassar kan du dra parkbilletten din, og få oppgitt eit tidspunkt. Når du så møter opp på det oppgitte tidspunktet kan du gå i hurtigfila, og kome inn i løpet av nokre minutt.

Ulempa er at det i periodar ikkje er rom for slik fastpass-registrering. Men kjem du til ein attraksjon og det står opplyst at du kan registrere kortet ditt, anbefalar eg å gjere det. Det gjer parklivet enklare.

I Walt Disney Studios Park er det særleg ein attraksjon som er imponerande, det er Tower of horror.

Du ventar i det vide og det breie på å få kome inn, og når du kjem inn vert du leia rundt inn i hotellet, og får ulike introduksjonar og får sjå visuelle tablå som skal formidle “Twilight zone”-stemninga.

Når du til slutt kjem inn i heisen vert den heisa opp og ned i tilfeldig rekkefølge, og falla er ganske høge.

Heile tida er du inni ei mørk heis, unntatt i enkelte augneblinkar då vindauga opnar seg, og du forstår at du er langt oppe i tårnet, og ser ut over heile parken. Gøy!

I tillegg til dette tok vi eit tog som viste ulike spesialeffektar som er brukt i film.

Dette er visuelle effektar i form av rekvisittar, utstyr og riggar, og tekniske effektar som vatn, lyd og eld.

Kjende skodespelarar presenterer dei ulike effektane på videoskjermar inni kvar togvogn, og vi passerte gjennom kulisser frå Jurassic park, Pearl Harbour og mange andre filmar.

You may get wet, står det på skiltet før du går ombord. Eg vil vel snarare seie at det skal godt gjerast å ikkje bli våt.

Vi var også på tre ulike forestillingar. Den eine var eigentleg ei forteljing om ein mann i salen som gjekk inn i filmen som besto av ei uendeleg rekke av filmar som glei inn i historia. Den andre fortalte litt om korleis ein produserer animerte figurar, og ikkje minst historia om animasjon frå historisk tid og fram til i dag.

Den siste forestillinga var eigentleg den morsommaste, iallfall for dei små. Det var ei live-animert forestilling med Stitch, der Stitch førte ein samtale med barna i salen. Imponerande.

Først etter alt dette gjekk vi over i Disneyland. Vi kom ein halvtime før paraden som skulle gå kl. 18:30. Folk hadde akkurat byrja å stille seg opp langs fortaua for å sjå paraden, og det forsto vi fort at vi og burde.

Vi fann oss ein plass bak nokre barnevogner i eit kryss, og det viste seg å vere parkettplass.

Etter lang tids venting, der disneylandtilsette frenetisk prøvde å dytte folk opp på fortaua “for security reasons”, kom endeleg paraden.

Den opna sjølvsagt med Minni og Mikke, og så rann det på med digre vogner med Disneytablå.

Til slutt kom sjølvsagt prinsessene med prinsane sine, og romantikken sto i høgsetet.

Sjølv om eg vart imponert vart det for mykje plastic fantastic for meg.

Fjortenåringen, som har vakse opp med prinsesseblad, Mulan og Ariel og alt det der, hadde kontinuerleg gåsehud i over ein halvtime.

Etter at paraden var over gjekk vi over i Frontierland, der nybyggarkulturen i USA på 1800-talet vert presentert. Her og handlar det eigentleg først og fremst om mat og shopping. Vi spiste på ein utruleg dårleg organisert texas-kafé, alt gjekk sniglesakte og maten var altfor salt (dei som kjenner meg forstår at då er det ille), dyr og i små porsjonar.

Til slutt tok vi eit tog som gjekk rundt heile Disneyland. Det var ein fin tur, og ga eit godt overblikk over parken.

Når togturen var ferdig var det blitt mørkt, og alle gjorde seg klare til den store kveldsparaden.

Då var det ny runde med security og alt det der, og alle opp på fortaua.

Kveldsparaden var fantastisk, lysa i parken vart sløkte slik at vognene med disney-figurar, prinsesser og sommarfuglar funkla i mørkret.

Fjortenåringen rapporterte om meir gåsehud, og mor måtte også innrømme at dette var ein imponerande opplevelse. Det heile vart toppa med eit relativt snilt men flott fyrverkeri. Viss du verkeleg vil ha utbytte av fyrverkeriet bør du finne deg ein plass rett framfor det store slottet i midten av parken. Vi sto ved inngangen, og husa skugga for mykje av kruttet.

Nokre praktiske råd kan vere verd å ta med seg på vegen. Vi tok toget ut til parken, og det funkar som ei kule. Togstoppet er i parken, du tek rulletrappa rett opp i parkområdet.

Då vi skulle dra såg vi at veldig mange dro med bil, og det var ikkje kaos på toget.

Siste toget går frå parken klokka 23:30, og fyrverkeriet er ferdig kl. 23, så det er godt med tid til å kome seg på toget.

Kjøp tur-retur-billettar viss du drar frå byen, då slepp du å stå i kø ved lite samarbeidsvillige billettautomatar som berre kanskje tek kort, seint på kvelden.

Tidlegare på dagen hadde vi spist matpakkane våre, så texas-måltidet var det einaste måltidet vi betalte for. To liter Salvetat (det som liknar mest på Farris) hadde vi og med oss, og det kom også vel med. Åtte euro kosta det for pølse i brød og ein boks med cola i ein kiosk vi heldigvis gjekk forbi.

Å ta med eigen mat er ein av dei beste måtane å spare pengar på i desse parkane, den andre måten er å unngå butikkane. Det kostar ein middels sydentur å få ein familie inn der, og når så alle skal ha rare hattar, disney-legosett, lysande sverd og prinsessekjolar vert det grisedyrt.

Å dra til Disneyland med barn under seks år trur eg at eg ville latt vere. Det er ein enorm trengsel, kjøpepresset er formidabelt og eg såg mange barn som fekk grinarpremie i løpet av dagen.

Klare avtalar før ein går inn i parken er veldig nyttig, vi smurte matpakkar saman, barna bestemte pålegget, og vi var einige om at desse var vårt hovudmåltid i parken. Ein pakke kjeks og vannflasker kom også vel med.

Eg hadde ikkje dratt til desse parkane på eiga hand, men kva gjer ein ikkje for å glede barna sine? 😉 Det er mogeleg å overleve Disneyland dersom ein tenker igjennom kva ein vil oppleve, og korleis ein vil ha dagen. Og ikkje minst må ein tilpasse turen til mannskapet som skal vere med.

Fjortenåringen er så frelst at ho vil ha sommarjobb der så raskt det let seg gjere . Eg kjem nok ikkje tilbake, med mindre eg skal besøke henne. 🙂

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. Jeg har et traumatisk forhold til denne parken. Selv ungene fikk nok etter relativt kort tid. VI hadde faktisk planlagt å overnatte på et av de tilhørende hotellene, men det ble til at vi rømte. Dette er en turistfelle som er laget for å flå folk for flest mulig penger.
    Takke meg til Tivoli i København, det er en fornøyelsespark med sjel. (og fantastiske beplantninger) Det sies at Walt Disney hadde denne som forbilde for sitt opprinnelige Disneyland, men det ble vel amerikanisert på vegen over Atlanteren, og siden da har vel profittmotivet bare vokst. Skrækk&gru…

  2. Anita K. says

    Takk for knakende god skildring! 😀
    Alle mine fordommer ble egentlig bekreftet – også tidligere av HildeG sine erfaringer som hun har fortalt om.

    Vi reiste ut av byen den andre veien – til Versailles. Det var køer og sånt der, men Marie Antoinette-parken likte ungene veldig godt, særlig de enoooorme karpene.

    Ellers hører jeg at Astrix-parken er den med karuseller og det virkelig tøffe magasug-opplevelsene. 😉

  3. Idun Stokka says

    Eg var i Disneyland Paris for nesten 20 år sidan, men baby og to gutar på 7 og 4 vi overnatta på eit digert hotell der – The Lodge eller noko? Opplevde parken som ryddig, plastikkpen og eigentleg betre enn eg venta. Men eg venta vel det verste…. Fornøyelsesparkar er ikkje mi greie.
    Tykkjer også Tivoli i København er sjarmerande sjølv om det er mykje dyr og dårleg mat der også 🙂

  4. Evelinn says

    Så utruleg kjekt å lese. Kan tenke meg det var dyrt der ja. Men trur vel at Paris og Frankrike er et dyrt land å vere i uansett kvar man er?

  5. For å overleve Disneyland med saldoen i behald må ein gjere nokre strategiske valg, som det å spise minst mogeleg der inne, og å ikkje gå i butikkane. Gjer ein det er det leveleg. Men å halde små barn ute av slike butikkar ser eg på som ei stor utfordring.

    Eg er glad mine er så store at vi kan gjere slike avtalar og halde oss til del, og ikkje minst, at vi har diskutert det med slik kjøping før. “It´s not the having, it’s the getting” er eit kjent begrep her i huset, at ein får veldig lyst på ein ting der og då, men når ein kjem heim har tingen ingen verdi verken emosjonelt eller bruksmessig. Den blir berre ein del av rotet som allereie er der. Då kan ein like godt la vere.

  6. Elisabeth Nordli says

    Kjenner godt til dette med elleveåringer og Paris. Et annet tips er La Cité des Sciences et de l’Industrie. Morsomst om man kan litt fransk, men min elleveåring storkoste seg der for noen år siden. Nå er han 14 og ser storbyen med andre øyne 😉

  7. takk for fint referat. Vi har diskutert å reise dit, de søte små er veldig tent, men jeg innser at dette ikke er stedet for oss. Togstasjonen før, med outlet-senter er nok mer i min gate:)

  8. Elisabeth N. har helt rett. La Cité des Sciences et de l’Industrie – La Villette, er et fantastisk sted. De har en utrolig superkino hvor vi så en film om å seile ned den blå Nilen, det går også filmer og Amazonas og universet. Du “sitter” midt i filmen. Herlig.

    De har en rekke spennende avdelinger og – og min nå 11-åring synes absolutt alt var morsomt. Selv det å gå på toalettet med de festlige kranene på vasken.

  9. Vi var der i -98 da det bare var en park og poden var 10 år gammel. Opplevde parken da som velorganisert og ryddig, uten alt for mye kø og støy. Tror nok poden synes sitt neste besøk der 4 år senere var enda bedre, da var han der med korpset og de fikk gå først og spille i paraden:)

  10. RandiA says

    Mye flott i Paris-reportasjen din, morsomt.

Leave a Reply