Eg klarer ikkje å få denne songen i denne versjonen av hjerna. Då måtte eg berre dele den med deg. Ikkje det at det hjelper, men då forstår du kanskje kvifor den sit fast.
Dette var opningsnummeret på hyllingskonserten til Radka Toneff i Operaen 10. august 2009. Sjå fjesa til dei gamle jazzgubbane (Jon Eberson og Per Jørgensen) på 2:15, dei likar det dei høyrer.
Eg viste denne til fjortenåringen. Ho lytta stille gjennom heile klippet, og så sa ho: «Slik vil jeg synge.» Det vil eg og.