Ferie, Kunst
Comments 2

Vannliljer og Rive Gauche


Monet sine vannliljemotiv er verdskjende, og vi tok ein tur i Tuileries for å sjå desse to vakre bassenga av kunst.

Når du kjem inn i kunstverket går du først gjennom ei oval, kvit vestibyle som Monet designa for at ein lettare skulle kunne legge byens larm og ståk bak seg for å kunne nedsenke seg i naturen vannliljene representerte. Så kan du gå vidare den vegen du ynskjer, inn i dei to salane med vannliljemotiv.

Vannliljebilda er bøygde i same form som romma, og kvart rom formar på ein måte eit basseng. Det kjennest som om du står midt i vatnet med vannliljer og tre som heng ned i vatnet rundt deg.

Dette var også tanken til Monet, å bringe mennesket nærare naturen, som han meinte støyen og trafikken i byen hadde teke bort frå menneska. Han skulle ha vore her i dag.

Orangeriet er eit museum der er overkomeleg å sjå med barn, eller folk som er skeptiske til kunstoverdosar. Louvre er enormt, ein får ikkje sett så mykje som ein vil sjå, for det er så stort og ein blir slitne. Musée d’Orsay er også veldig omfattande.

I Orangeriet får du sjå vannliljene, og i tillegg er samlinga til Monet sin mesen Guillaume installert i underetasjen. Der er det mellom anna ei fantastisk samling av Renoir, og nokre bilde av Cezanne og Gaugain. Ein kompakt og fin introduksjon til den franske impresjonismen, altså.

Resten av dagen tilbrakte vi «på venstresida», altså Rive Gauche av Seinen. St.Germain er eit utruleg sjarmerande område, med små butikkar, gågater og marknadstelt langs boulevarden.

Vi vart overraska av regn, og tok t-bana heim. Det var vi glade for, akkurat idet vi låste oss inn løsna eit enormt regn, og det lynte og tordna utover kvelden. Eit spektakulært skue, for oss som likar slikt.

This entry was posted in: Ferie, Kunst

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. else k says

    Da er det bare turen til Giverny og selve Hagen med stor H som mangler 🙂 Misunner dere som har hele 14 dager til å virkelig gjøre Paris!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s