Har eg fortalt at vi skal til Paris i sommar? Vi skal bytte hus (som vanleg) med ein fransk familie. Ikkje så langt unna der vi bur ligg denne fantastiske leikeplassen.
Sjølv om mine barn ikkje er så små lenger, så ser eg på dimensjonane over dette at elleveåringen kjem til å elske å klatre i dette. Eg har framleis friskt i minne ein gong vi måtte redde han ned frå ein klostermur i Nímes i Sør-frankrike, han var seks år, og hadde klatra langt lenger opp enn han beherska. Dette trur eg er tryggare enn ein klostermur, pluss at han er større, sterkare og vonaleg klokare.
Leikeplassen er bygd i Parc de Belleville, og ligg i 47, rue des Couronnes, i det tjuande arrondissementet. Med Metro drar du til haldeplassen Couronnes. Leikeplassen er designa av arkitektfirmaet BASE.
Bilda har eg henta frå bloggen til Handmade Charlotte, ein kjempefin blogg om forseggjorte ting til huset og til barn. Og så har ho altså ein eigen temakategori der ho presenterer fine og forseggjorte leikeplassar rundt om i verda. Eg har funne to i Berlin som vi må dra til når vi besøker vår Berliner Familie.
Så kjekt! Slike ting er mange gongar mykje finare å oppleve enn berre kø og disneyland (som jo er kjempekjekt likevel, men ikkje når det er berre det).